Fornminnefelt med gravhaugar og hustufter frå jernalderen
ca Kr.f.- 900 e.Kr.
Krosshaug Dysjane Grønhaug Tinghaug Oversikt

Området
Gardane Hauge og Tu ligg på sørsida av høgdedraget mellom Anda og Tu, som hever seg over det flate Jærlandskapet. Frå desse gardane er det kjent mange fornminne. Dei rikaste funna frå eldre og yngre jernalder i området er komne for dagen her. Det tyder på at høgdedraget var eit sentrum for økonomisk, politisk og religiøs makt på Midt-Jæren. I området finst mineralrik jord veleigna for jordbruk, som var grunnlaget for den økonomiske makta i førhistorisk tid.

Gravhaugar frå jernalder (nr. 1 på kartet)
l gravhaugen med bautastein blei det i 1886 funne restar av ei bronsespenne og eit spinnehjul til ein handtein. Spenna daterer gravlegginga til 200-talet etter Kristus. Funnmaterialet viser at ei kvinne blei gravlagt her i eldre jernalder. Bautasteinen, som er reist i nyare tid, stod opphavleg på garden Tu.
Kring 20 m nordaust for denne haugen ligg restane etter ein mindre gravhaug som blei utgraven i 1906. Han inneheldt ei brent kvinnegrav frå yngre jernalder (800 -1050 e.Kr.). Kvinna hadde fått med seg ovale spenner, spinnehjul til handteinar, kniv, vevskei av jern og skår av to leirkar. Alle gjenstandane var plasserte under ei steikepanne av jern.

Grønhaug og Tinghaug (nr. 2a og 2b)
Grønhaug er eit gravminne bygd over grava til ein mann som døydde ein gong i yngre jernalder. Bautasteinen er reist av utgravaren i 1879. Omlag 40 m sørsørvest for Grønhaug ligg Tinghaug, som er det høgaste punktet (102 moh.) på Låg-Jæren. Namnet og tradisjonen tyder på at området har vore tingstad. Sjå skilt ved Grønhaug. (Les mer om Grønhaug og Tinghaug)

Krosshaug (nr. 3)
Krosshaug inneheldt ei av dei rikaste kvinnegravene frå tidleg folkevandringstid (ca. 450 e.Kr.). På haugen står ein steinkross frå tidleg kristen tid (1000-talet e.Kr.). Sjå skilt ved haugen. (Les mer om Krosshaug)

Dysjane (nr. 4)
Dysjane er eit av fem ringforma tunanlegg på Jæren. Det består av 16 hustufter rundt eit ovalt tun og to gravhaugar. Anlegget er datert til perioden ca. Kr.f. - 400 e.Kr. Sjå skilt ved tunanlegget. (Les mer om Dysjane)

 

Tinghaug - Krosshaug - Dysjane


Om fornminnefeltet
Dysjane
Grønhaug og Tinghaug
Krosshaug


Tinghaug


Krosshaug


Dysjane

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN