Helleristningar
Helleristningane på garden Nag i Strand vart oppdaga i 1923. Det finst fleire felt, men Solbakkfeltet er det største og mest kjende. Det består av i alt førti figurar, for det meste båtar og ringar. Figurane er tildels djupt og tydeleg hogde.

Figurane
Båten er det vanlegaste og mest sentrale motivet i helleristningsfelta frå bronsealderen. Omlag tre fjerdedelar av figurane på ristningsfelta i Rogaland er båtar eller skip. Dei finst i svært mange variantar, m.a. med einlina eller tolina skrog og boge eller rette stamnar. Dei korte, vertikale strekane er tolka som symbol på mannskap eller passasjerar og kallast "mannskapsstrekar". Ringar og spiralfigurar finst her i to utformingar - k
onsentriske ringar og spiralar.

Solbakkfeltet viser klårt to typar båtfigurar, ein med tolina skrog, boga stamnliner og mannskapsstrekar. Desse båtane er hogde saman med ringar og spiralar i ei gruppe nedst til høgre. Denne typen helleristningar er den langt vanlegaste. Han kjennest frå ristningar over heile Sør-Norge, m.a. frå dei store ristningsfelta på Austre Åmøy. Skipa øvst og til venstre er av ein heilt annan type, korte og kanta, med rette stemner. Nokre forskarar meiner desse ristningane er avbilding av skinnbåtar, og at dei er den eldste typen båtristningar. Dersom dette er rett, har ristningane vorte laga i minst to omgangar, kanskje med fleire hundre års mellomrom.

Tyding
Helleristningane er tolka som heilage symbol eller attgjeving av heilage handlingar. Når til dømes symbol for sola vart hogd inn i berget, kunne det vera for å påkalle sola eller for å binda solkrafta til det beste for menneska. Når så båten er eit vanleg motiv, er det sikkert fordi han har ein form for symbolverdi. Båten tek menneska med seg, og bringer dei attende.
Vi veit og at båten har spela ei stor rolle for fangst og fiske og ikkje minst som framkomstmiddel. l mange religionar har difor båten ei viktig rolle. Ein ser gjerne på himmelen som eit stort hav der den viktigaste guden seglar over i båten sin. Slik oppfattast sola som eit bilete på himmelguden. Spiralane og ringane kan oppfattast som symbol, og vi ser nettopp at dei fleste ligg oppå eller i nær kontakt med båtane.
Slik oppfattar vi gjennom ristningane eit svakt ekko av den gamle religionen; solguden som drar over himmelen - om hausten drar han frå landet, om våren kjem han attende. Kan hende er desse helleristningane det siste minnet om dei store vårfestane som vart feira kvar gong solguden vende attende og gav nytt liv til jorda.

Solbakk, Strand

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN