Fornminnefelt med graver frå jernalderen. Om lag 500 f.Kr-1000 e.Kr.
På den store grussletta som Hofreist-åna har bygd ut i Svelavatnet, har det vore fleire store gravfelt. Mange av gravhaugane er fjerna ved dyrking i dette hundreåret. Nokre få er granska av arkeologar. Ting som er funne ved nyrydding og nydyrking tyder på at gravene er frå jernalderen (500 f.Kr. - 1000 e.Kr.).

Kva ser vi idag?
Vegen til Berland svingar seg rundt tre urørte gravhaugar. På sletta like sør for tunet på garden Vigesdal ligg fem store gravhaugar. Før 1910 var her 16 gravhaugar. Haug (2) har ein diameter på 12 m, haug (3): 16 m, haug (4): 17 m, haug (5): 21 m og haug (6): 12 m.


 

1: Tre urørde gravhaugar
2-3-4-5-6: Gravhaugar
7: Funnstad for øks og sverd

8: Funnstad for hengebryne og hengesmykke
9: Rydningsrøysar
10: funnstad for bronsebeslag

Funn frå andre gravhaugar
l ein haug som vart fjerna i 1910, vart funnen ei korsforma spenne og delar av spannforma leirkar. Denne haugen må vera frå folkevandringstid (400 - 550 e.Kr.). I ein annan haug er funne eit jernsverd og bitar av ein skjoldbule. Her må ein mann vera gravlagd i vikingtida (800 - 1000 e.Kr.).
Då ein på 1970-talet plukka stein for dyrking av marka, vart det funne eit bronsebeslag med dyreornamentikk. Det må vera frå ei grav frå vikingtida (10).
Like ved løa på Vigesdal (7) vart det på 1950-talet funne ei øks og eit sverd frå vikingtida.
Nede ved elveosen er det funne eit hengebryne av skifer. Det er 5-6 cm langt med tydelege slipespor. Brynet har vore brukt i yngre jernalder (550 e.Kr. -1000 e.Kr.). Same staden er det og funne eit hengesmykke av svart skifer, ca. 5 cm langt. Det er frå steinalderen (før 3000 f.Kr.).

Rydningsrøysar og gamal kyrkjeveg
På den andre sida av elva har det vore
eit stort felt med rydningsrøysar. Her gjekk den gamle kyrkjevegen for gardane på sørsida av elva lenger oppe i dalen. Denne holvegen kan ein nå sjå langs elva 6-700 m lenger aust som ei renne i marka opp til 40 cm djup.

"Øyane" av Vigesdal

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN