Gardsanlegg frå romartid og folkevandringstid. Omlag 200 e.Kr - 550 e.Kr.
Gardsanlegget på Auglend ligg i kupert terreng med vidt utsyn mot dalen. Hustuftene vart arkeologisk undersøkte av museumsdirektør Jan Petersen 1928-31.

Husa
Her er restar etter fire hus. Dei tre store har alle hatt indre trevegger med ytre murar av stein til vern mot vér og vind.

Når var dei i bruk?
Hus nr. 1 og nr. 4 (sjå kart) var i bruk alt i yngre romartid (200 - 400 e.Kr.), men hus nr. 4 vart tidleg forlate. Dei tre andre husa vart brukte gjennom folkevandringstida (400 - 550 e.Kr.). Funn av brende nøtteskal, never, bark og trekol tyder på at hus nr. 1 og 2 er brende.


Interiør
Hus nr. 1 er 41 m langt og 7-8 m breitt, utan indre skillevegger av stein. Golvet i vestenden av huset var dekt av flate steinar. Midt i huset var berre den sentrale delendekt av stein med jordgolv langs veggene, i aust var det berre jordgolv.
Det var fleire eldstader i huset, og det største var ei åregrue på 2 x 1 m. Dei to andre langhusa hadde og fleire eldstader. Hus nr. 4 var delt i tre rom. Hus nr. 3 kan og ha vore bustadhus med ein eldstad midt i huset.


Livberging:

Husdyr
Vest for hus nr. 1 er ei inngjerding av stein, og ut frå denne går to parallelle steingardar. Dette er geilen som førte dyra frå fjøset til utmarka. Restar av dei gamle steingardane kring innmarka kan ein enno sjå i nordvest.

Dyrking av jorda
50 rydningsrøysar viser at innmarka har vore rydda og dyrka,
og åkerreiner nær husa fortel kor åkerlappane var.

Funn
l langhusa vart det funne keramikkbitar, spinnehjul, kvernsteinar, bryner og jernslagg. l det litle huset vart det berre funne keramikk og slagg.

Gravene
Det er 21 gravrøysar på feltet, ei langrøys og 20 runde. To av gravrøysane er svært store med diameter på 25 m og mest 5 m høge. Ingen av gravene er granska av arkeologar.
Stein frå hustuftene og frå den gamle Steingarden rundt innmarka er sidan nytta til å byggja den nyare steingarden tvers over feltet.

 

 

 


Auglend av Store Svela

 

 

 
   

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN