Gardsanlegg frå eldre og yngre jernalder: 0mlag 200 e.Kr - 900 e.Kr.
l stroket kring Vigeså er det restar av mange gardsanlegg frå jernalderen. Det har budd folk her til ulike tider, men alle gardane ser ut til å ha vore i drift i folkevandringstida (400 - 550 e.Kr.). Gardsanlegget på Storrsheia vart arkeologisk undersøkt av museumsdirektør Jan Petersen i 1929-30.

Husa
På Storrsheia har det i førhistorisk tid óg vore to bruk, kan hende den gong óg skilde av ein gjennomgangsveg. Det er restar av tre hus på begge bruka. Alle har hatt indre trevegger med ytre murar av stein til vern mot vêr og vind. Dei lange husa var delte i fleire rom, oftast av trevegger.

Når var husa i bruk?
Keramikkbitar frå hus nr. 3 og hus nr. 6 viser at dei var i bruk alt i yngre romartid (200 - 400 e.Kr.), men hus nr. 3 er tidleg forlate. Dei store hustuftene nr. 1, 4 og 5 var alle i bruk i folkevandringstida (400 - 550 e.Kr.). Bitar av klebersteinkar frå hus nr. 2 fortel at dette huset var i bruk tidleg i eldre vikingtid (800 - 900 e.Kr.).


Kva levde dei av?
Husdyrhald: Ut frå hus nr. 1, 4 og 6 kan ein enno finne restar av geilen som førde husdyra frå fjøset til utmarka.
Dyrking av jorda: Noko av steingarden kring innmarka kan ein enno sjå. Den felles innmarka var omlag 160 mål. Nokre av dei gamle åkerlappane kan ein finna åkerreiner etter i skråninga nordaust for hus nr. 2. Over heile innmarka ligg meir enn 100 gravrøysar og rydningsrøysar.

Kvinnegrav frå vikingtid
Den store gravhaugen som delvis er lagt over hustuft nr. 1, er undersøkt av Jan Petersen. Her fann ein brende bein, ei oval bronsespenne, eit spinnehjul, ei vevskei og ei linhekle. Truleg var her grava til ei kvinne som har budd i hus nr. 2 i vikingtida.

Kvifor blei gardane lagt øyde?
Det nordre bruket på Storrsheia vart lagt ned sist i folkevandringstida, men tatt i bruk igjen i vikingtid. Bruket i sør kan ha vore i bruk i lengre tid. Ein trur at mange gardar vart lagt øyde på 500-talet på grunn av krig, pest, dårlegare klima og utarming av jorda.

Grannegarden på Uadal
På Uadal i nordvest-enden av Storrsheivatnet ligg og eit gamalt gardsanlegg med fem hustufter, geil og 70 rydningsrøysar. Dette gardsanlegget var i bruk i folkevandringstida og i vikingtid/ tidleg mellomalder. Hustuftene er ikkje arkeologisk undersøkte.

 

 

Storrsheia av Vigeså og Store Svela

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN