Strandgravfelt frå eldre og yngre jernalder - omlag 300 e.Kr.- 900 e.Kr.
Gravfeltet på Hå er eit av dei mange gravfelta i stranda frå Kvassheim i sør til Sele i nord. På den fire mil lange strekninga er det registrert omlag 600 graver. Dei fleste ligg i sjølve rullesteinsbeitet ut mot havet.

Kven vart gravlagde på Hå?
l 1950-åra vart Hå-gravfeltet utgrave. Her fann ein m.a. ut at det i tida mellom 300 og 900 e.Kr. vart bygd omlag 60 gravrøyser for i alle fall 100 personar. Mange røyser hadde fleire graver. I røys nr. 1, rett nord for låvebrua, var det heile sju gravleggingar. Dei fleste gravene er frå 400- og 500-tallet e.Kr. Gjenstandane som vart funne, tyder på at mest 2/3 av gravene er kvinnegraver. Folk som vart gravlagde på Hå-feltet må ha budd på gardane i nærleiken og dei har truleg høyrd til dei øvre samfunnslaga.

Oppbygging og form på gravrøysene
Den døde vart lagd i eit steinkammer på eit dekke av grov grus. Rundt kammeret vart det bygd opp ei røys av stor rullestein. Til slutt vart kammeret og røysa dekt av eit lag med grus.
Røysene har ulik form og storleik. Dei fleste er runde (28 stk.). Andre har ei firkanta form, og dei største røysene (22 stk.) er lagd slik at dei følgjer krumminga av stranda. Ei har form som ein båt (nr. 29). Lengst i nordvest ligg to store trearma røyser.

Røysenes form
Gravminna på Hå er bygd opp att etter undersøkinga. I dag ligg dei fleste slik dei har lege gjennom mange hundre år. I nokre kan ein sjå eit eller fleire gravkammer.

Trekantgrav, nr. 28 på kartet Rundgrav, nr. 35 på kartet Langgrav, nr. 15 på kartet


Funna
På Hå-gravfeltet var det ingen bevarte restar etter dei døde; berre smykke, våpen, nokre reiskap og leirkar vart funne.
I kvinnegravene vart det funne perler og spenner som har vore festa på kleda. Mange av kvinnene fekk og spinnereiskap med seg i grava. Nokre få menn vart gravlagd også med eit sverd som gravutstyr.
Vær og vind har øydelagt bein, tøystoff og tresaker i løpet av dei vel 1500 åra som er gått sidan folk vart lagde i grav her på rullesteinsstranda.

 

 

Gravfelt på Hå gamle prestegard

Sjå også kart over Hå

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN