Undersøkingane
Restane etter gardshusa på Lyngaland blei undersøkte i åra 1927, 1933 og 1934.
I 1935 blei og et par mindre gravhaugar nær tuftene undersøkte. Sjølve husa og måten dei ligg i høve til ein annan er særmerkte for yngre romartida og folkevandringstida, 350 - 600 år e.Kr. Det er registrert fleire enn 200 slike gardstun berre i Rogaland, men få kan måla seg med Lyngaland i storleik og mangfald.

Kva blei funne?
Den største av tuftene er 63 m lang og delt i fleire rom. Den andre tufta er 30 m lang med berre eit rom. Undersøkingane synte at steinmurane som delte den store tufta var sette opp seinare. Likevel meiner vi at begge husa opphavleg har vore delt i rom, men då med treveggar.
Den attreiste jernaldergarden på Ullandhaug i Stavanger syner korleis ein meiner husa har vore bygd.
Funna var mest av daglege ting som anten var mist eller brote sund. Av dei vel 4500 brot av leirkrukker som blei funne i tuftene var nokre få av spannforma kar. Desse let seg tidfesta etter forma, godset og dekoreringa. Den spannforma keramikken syner at begge husa var i bruk frå omlag år 350 e.Kr. til seint på 500-talet.
Det blei og funne m.a. brynesteinar, eldslagstein, spinnehjul, handkvernar og jernslagg.

Seinare busetnad
Funn av m.a. steikeheller, visse typar brynesteinar og spinnehjul i det store huset syner at delar av garden kan ha vore i bruk i vikingtid og tidleg mellomalder. Då blei truleg og dei indre steinveggane laga.

Bruken av garden
Dei gamle steingardane som omfemner innmarka tek til i geilen som fører ut frå kvea. Vi trur at berre mindre delar av den 140 mål store innmarka blei nytta til kornåker kvart år, og at desse åkerlappane blei flytta år om anna. Dei mange haugane er truleg mest gravrøyser som og er nytta til å leggje frå seg rydningsstein.
Trekolet frå tuftene syner eit mangfald av treslag. Vi finn furu, eik, bjørk, alm, osp og or. Dette syner at vegen til vedaskog ikkje har vore lang. Det blei dessutan funne eit hælbein av hjort i eit av husa, noko som tyder på blandingsskog ikkje langt unna.

Vi veit ikkje kor mykje folk som har budd på Lyngaland i folkevandringstida, men ein har rekna seg fram til omlag 10-12 personar.

Sjå meir om gardsanlegget på Lyngaland

 

 

Lyngaland Landskapsvern- og fornminneområde

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN