Gardsanlegg frå folkevandringstid og tidleg mellomalder

l nordvestenden av Homslandsvatnet ligg øydegarden Homsland. Her har det vore busetnad i folkevandringstida (400 - 550 e.Kr.) og i høgmellomalderen (før 1350 e.Kr.) og kanskje også på 1600-talet.

Kva ser vi her?
Anlegget består av minst fire hustufter, geil, fleire gardfar, 50-100 rydningsrøysar, tre åkerreiner, brønn, nausttuft, båtopptrekk og to gravrøysar. Gardsanlegget har ikkje vore arkeologisk undersøkt.

Husa
Tuftene ligg vegg i vegg, men alle har neppe hatt hus oppå seg samtidig. Veggene har vore bygde av store steinar. Den største tufta er delt i fire rom og har hatt inngang mot NNV. Det kan ha vore eit bislag utanfor døra.

Kva levde dei av?
Husdyr: Mot vest har det lege to kve. Frå desse har husdyra vore førde mellom to parallelle steingjerde - geilen - til utmarka.
Fiske: Inntil gardfaret i aust ligg eit båtopptrekk nedgrave i bakken. Inntil det eine gardfaret i sør ligg steinmurane etter ei nausttuft. Nær hustuftene ligg vassholet eller brønnen.
Dyrking av jorda: Rundt innmarka ligg det fleire gardfar som har verna åker og eng mot husdyra. Fleire kraftige åkerreiner fortel kor jorda har vore dyrka.


Hustuftene med kve og geil.

Gravene
l den austre delen av området ligg to gravrøysar, bygd av større stein og delvis dekka av grastorv. l rundrøysa kan ein sjå eit gravkammer i den nedrasa toppen. Midt i langrøysa har det truleg vore eit mannslangt gravkammer med flate heller. Begge gravene har vore plyndra.

 

Homsland


 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN