Buplass særleg nytta i eldre steinalder ca. 6000 f.Kr.- 4000 f.Kr.
Svarthålå på Viste, og kalla Vistehålå, var den første holebuplassen i Noreg som blei granska av fagfolk. Funnmaterialet er særs godt bevart, og gjev viktige opplysningar om korleis forgjengarane våre levde i eldre steinalder for mellom 8000 og 6000 år sidan. Det er dessutan gjort einskilde funn frå bronsealder (ca. 3000 år tilbake) og eldre jernalder (1500 år tilbake). Hola blei granska av arkeologar i 1907, 1910, 1939 og 1941. Innanfor og utanfor dråpefallet i hola var det spor etter busetjing på eit omlag 100 kvm stort område. Heile dette området er utgrave.

Kva blei funne?
Golvet i hola var dekka av ein avfallsdyngje som var 1,6 m på det tjukkaste. Her var alle slag restar etter busetjinga.

 
Tverrsnitt gjennom den tjukke avfallsdyngja med ein svært variert oppbygging av eldre og yngre buplasslag.   Øvst ein pilespiss av bein med innsatte flinteggar, nedst eit utval av beinanglar funne i steinalderlaga i Svarthålå.

Utanom oldsaker av bein, horn, flint og stein var det og bevart steinsette eldstader og store mengder avfall etter måltider, dessutan bein av pattedyr, fugl og fisk. I midten av avfallsdyngja var det mest berre skjell. Fordi det var mykje kalk i jorda, var beinmaterialet i den tjukke avfallsdyngja godt bevart. Ved austveggen i hola blei det funne eit skjelett av ein 15 år gamal gut som levde for ca. 7500 år sidan.

Kva funna fortel:

- om livberging
Pilespissar av flint og bein, fiskekrokar, harpuner og beinspissar til lystrar vitnar om allsidig fangst og fiske.
I dei underste laga, frå eldre og yngre steinalder, blei det funne restar av ca. 50 dyreslag. Halvparten var fuglar (mest lomvi og geirfugl), ein tredjedel pattedyr (særleg villsvin, sel og elg) og resten ulike fiskeslag (mest torsk).
Funna av bein frå nett desse artene, fortel at Svarthålå særleg vart brukt om vinteren og våren (f.o.m. november t.o.m. mai). Sanking av skjell, kan ha skjedd om sommaren eller tidleg på hausten, hausting av hasselnøtter på seinhausten.
Fangsten på sjøen og fisking må dei ha drive både i Vistevika og lengre ute i havgapet.
Hunden var einaste tamdyret for jegeren i steinalderen.

- om naturtilhøve
Fordi det blei funne bein frå elg, bjørn og tiur, kan vi seie at Nord-Jæren var skogkledd då Svarthålå vart nytta som buplass. Vêrlaget var varmare, og truleg regna det mindre enn no.
Havet sto ca. 10 m høgare. Difor var det berre 30-40 m frå hola ned til stranda. Hålandsvatnet og Vistevika hang i hop. Heile Nord-Jæren var delt opp av fjordarmar og sund.

Kva vi ikkje veit

- kor kom dei frå?
Buplassar som er eldre enn Svarthålå er til no ikkje funne på Jæren, sjølv om det truleg har !evd menneske her i minst 11000 år. Vi veit ikkje kor fangstfolka budde før dei busette seg i Svarthålå for 8000 år sidan - kanskje ved elvemunningane på Midt-Jæren?

- kor mange var dei?
Funna kan tyda på at hola blei nytta av heile familiar. Kor mange menneske som har budd her samstundes, kan vi berre gissa på. 10, 15 eller 20 personar er sannsynlege tal.

- heilår- eller sesongopphald?
Budde folk her berre i sesongane for fangst og innsanking sommar, haust, vinter og vår - eller gjennom heile året?

- kvifor tok busetjinga slutt?
Etter ca. 4000 f.Kr. blei truleg Svarthålå berre brukt no og då, og i løpet av eldre jernalder tok busetjinga heilt slutt. Kvifor veit vi ikkje.

Svarthålå på Viste

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN