Buplassen ved Tau-åna – 5000 til 7000 år gamal
Buplassen blei påvist ved ei arkeologisk registrering i 1985. Det er av tidligare grunneigar innlevert flintfunn som kan vera frå same staden. Ved registreringa blei funne om lag 40 flintfliser, dei fleste avfall etter reiskapsproduksjon. Saman med funna låg det trekol frå båla på buplassen. Sonderingane tyder på at buplassen låg i ei 15 m brei sone i 65 m lengd langs elva.

Buplassen
Buplassen (post 1 på kartet) låg på ein turr elvebrink om lag 20 moh. Då folka budde her kan havet ha stått opp i Krossvatnet.
Vi kan sjå for oss buplassen på ei glenne ved elva. Her står ei eller to enkle hytter av torv/skinn. Det ryk frå båla. Det høyrest prat og latter frå plassen. Eit par vaksne og nokre eldre born arbeider – dei har vore på sjøen og fiska, dei minste borna spring leikande omkring.
Dette var ein gunstig leirstad som truleg blei brukt fleire gonger. Funna gjev førebels ingen sikre haldepunkt for datering, men det synest rimeleg at buplassen har vore brukt i siste del av eldre steinalder for 5000 til 7000 år sidan.

Funna
Kva finn vi ved ei arkeologisk utgraving av ein steinalderbuplass? Vanlegvis finn vi berre reiskapar og avfall laga i materiale som held seg, det vil seia av flint, bergkrystall, kvarts, kvartsitt og skifer. Vi kan finna trekol frå båla, forkola hasselnøttskall og sjeldnare brent bein som fortel oss kva jaktvilt og fisk dei åt. Funna frå Svarthola i Randaberg gjev utan samanlikning den beste informasjonen om dette i Sørvest-Noreg. På buplassar i Danmark med uvanleg gode oppbevaringsforhold for organisk materiale, er det ved utgraving funne reiskapar vi saknar: pilskaft, fiskeruser, fiskekrokar av bein, hakker av gevir, snorer av planteteger, stokkebåtar, padleårer osv.

Ved ei utgraving blir alle funna dokumenterte, slik at den vertikale og horisontale fordelinga av funna seinare kan rekonstruerast. Det hjelper oss til å forstå korleis folk har arbeidd og budd. Vi kan finna staden der dei laga reiskapar ut frå konsentrasjon av flintavfall, utbrukte skraparar kan liggja igjen der dei preparerte skinn, avbrotne pilespissar ved bålet der jegeren varma opp harpiksen og sette inn ny pilespiss i skaftet osv.
Det materialet som skal gje oss innsikt i den lange perioden som heiter steinalderen, er svært fragmentarisk, Di fleire enkeltfunn som blir registrerte og buplassar som blir granska, di sikrare og meir nyansert blir kunnskapen vår om folka som budde der då.


Steinalder-buplass

Post 1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post 3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post 5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Skinnskrapere


Bor


Pilespisser

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN