Gardsanlegg frå folkevandringstid og mellomalder

Gardsanlegget på Løbrekk (post 2 på kartet til venstre) ligg på eit høgdedrag med vidt utsyn nordover mot Tau. Det er ikkje arkeologisk undersøkt. Ein kan sjå hus, gardfar og gravhaugar.

Husa
Her er restar etter fem hus mellom 34 og 6 m lange og mellom 5 og 7 m breie. Dei fire lengste husa ser ut til å ha vore delte inn i to rom, eitt for folk og eitt for dyr. Truleg har dei hatt indre trevegger med ytre murar av stein til vern mot ver og vind, slik ein kan sjå det på Ullandhaug i Stavanger.

Livberging
Noko av eit gardfar - eit nedrasa steingjerde - sør for tuftene fortel at området må ha vore innhegna. Innanfor gjerdet må dei ha dyrka korn. Dei vanlegaste kornslaga var bygg og havre. Den gamle innmarka til denne garden er dyrka bort i ny tid. Utanfor gjerdet må dei ha hatt dyr på beite. Dei må ha hatt både kyr og sauer.

Når budde det folk her?
I alle høve dei to lengste husa (1 og 3) må vera frå folkevandringstida (ca. 400 - 600 e.Kr.). Det er gjort funn av keramikk frå denne tida ved tilfeldig graving nær hus 3. Dei to minste husa (2 og 5) kan vera frå høgmellomalderen (ca. 1000 - 1350 e.Kr.). Ved to høve har såleis folk slått seg til her, men har måtta forlata staden att etter nokre generasjonar. Vi veit ikkje kvifor garden vart liggande øyde.

Gravene
Like vest for tuftene ligg to store gravhaugar der dei som budde her, gravla sine døde. Den eine haugen er 18 m vid og 3,5 m høg, den andre er 14 m vid og 2,5 m høg. Dei er ikkje undersøkte av arkeologar. Sør for den nye gardsvegen langs tuftene ligg fleire mindre gravhaugar.

Helleristing
På ei stor flyttblokk like sørvest for tuftene er det funne rissa inn ei fotsole. Den kan vera frå bronsealderen (ca. 1800 - 500 f.Kr.).

 


Snitt jernalderhus.
Sjå detaj l til venstre.


Løbrekk av Strand

Post 1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post 3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post 5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN