Eit gravminne frå jernalder
Ikkje alle fornminne er like iaugefallande sjølv om dei kan vera store. Det gjeld t.d. langhaugen på kulturbeitet omlag 30 meter frå fornminneskiltet (post 2a på kartet). Langhaugen er ikkje undersøkt av fagfolk. Truleg er han frå jernalderen (500 f.Kr. - 1000 e.Kr.). Det kan vel vera grunn til å tru at han er bygd av folk som budde på Løbrekk, ein gard frå folkevandringstida på høgda omlag 100 meter lengre aust (post 2 på kartet).
Langhaugen er 34 meter lang, 6,5 brei og opp til 1,5 meter høg. Store delar av midtpartiet er reve opp mest heilt til botnen. Tre av hjørna er markerte med steinar. Mellom langhaugen og steingarden og elles spreidd over heile marka ligg minst 15 rydningsrøyser som spor etter gammalt åkerbruk.

Langhaug

Post 1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post 3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post 5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN