To gravminne frå jernalder

Jonsokhaugen
"Jonsokhaugen" ligg på "Halvdalarstykkje" snautt 200 meter nord for Strand kyrkje. "Jonsokhaugen" er ikkje utgraven, og det er derfor uråd å seia kor lenge han har lege her, men vi kan vel nokså sikkert rekna med at han er frå jernalderen (500 f.Kr. til 1000 e.Kr.).
Det er store dimensjonar på mange av gravminna. Tverrmålet på "Jonsokhaugen" er 20 meter og høgda er 2 til 2,5 meter. Vi veit at denne og alle dei andre gravminna, blei bygde berre med handamakt. Slett ikkje alle slekter rådde over så mykje folk og eigedom at dei hadde råd til å setja i gang slike i og for seg unyttige byggverk. For oss i våre dagar er gravminna og det dei gøymer, svært viktige kjelder for informasjon om førhistorisk tid.

Varhaug
Godt synleg på høgdedraget mot vest, heilt i motsett retning av "Jonsokhaugen", ligg "Varhaug" Det er og ein rund haug, 22 til 24 meter i tverrmål og 3 til 4 meter høg. "Varhaug" er litt øydelagt i toppen. Mellom anna er noko masse fjerna, og her ligg ei steinhelle omlag 2 x 1 meter og 20 cm tjukk. Heller ikkje "Varhaug" er undersøkt av fagfolk, og det er uråd å seia noko meir om alderen enn at vi trur han er bygd i jernalderen (500 f.Kr. til 1000 e.Kr.).
Sjølvsagt ville det vore interessant å grava ut nokre av dei store gravminna, t.d. her på Strand, jamvel om ein aldri på førehand kan vera viss på kva ein vil finna. Men arkeologiske utgravingar kostar mykje pengar. Når eit fornminne er utgrave er det dessutan øydelagt som primærkjelde for alltid. Også vår generasjon har ansvar for at så mange kulturminne som råd blir tatt vare på til glede for kommande slekter.

"Jonsokhaugen" og "Varhaug"

Post 1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post 3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post 5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN