Tredje kyrkja på same staden

Eldre kyrkjer på staden
Frå skriftlege kjelder veit vi at det var kyrkje på Strand rundt 1280 og at det høgst truleg har vore ei stavkyrkje. Vi veit ingenting om det fyrste kyrkjebygget, heller ikkje kvifor det vart rive på 1620-talet.
Den andre kyrkja var bygd av tømmer, tjørebreidd og hadde rustraud takstein. Inne har ho ikkje vore heilt ulik Årdalskyrkja med heile kyrkjerommet dekka av måla bilete. Snikkararbeidet inne blei gjort av Laurits snikkar og alt målararbeid av Gottfried Hendtzchel, båe mellom dei mest framifrå handverkarane i Noreg i første halvdel av 1600-talet. Strand kyrkje fekk private eigarar i 1720-åra. Dei nye eigarane makta ikkje vedlikehaldet og kyrkja kom etter kvart i forfall. Ho blei kjøpt attende til kommunen i 1866, riven og selt etter at den tredje kyrkja på staden var ferdig i 1874.

Den noverande kyrkja
I 1864 blei det sett fram forslag om å byggja ei ny kyrkje på Strand. Teikningar og kostnadsoverslag blei utarbeidd av arkitekt Fredrik von der Lippe og låg føre allereie i 1866 medan bygginga ikkje tok til før i 1873. Kyrkja er ikkje ulik det som i Rogaland var den mest einerådande byggjestilen på 1800-talet fram til 1880. Dei 30 kyrkjene, som låg spreidd over heile fylket, hadde til felles at dei var bygde som langkyrkjer av tømmer med saltak og liggjande panel. Utanom tårnet i vest var det ein heil, kvitmåla bygningskropp. Dei var teikna av lokale byggmeistrar på grunnlag av del typeteikningane som var utarbeidd av slottsarkitekt Linstow. Strand kyrkje skil seg frå denne stilarten mest av di sakristiet og koret i konstruksjonen bryt med skipet. Inne i kyrkjerommet er dessutan koret smalare enn skipet.

Inventar frå 1600-tals kyrkja
Mykje av inventaret frå 1600-tals kyrkja som blei selt i 1874, blei ført attende til kyrkja. Ein skal særleg merka seg altertavla, preikestolen, bispestolen, galleri-pulpituret og fyllingsfelta der. Eit restaureringsarbeid i 1926-27 og vedlikehaldsarbeid i 1964 har gitt rommet den utsjånaden det har i dag.

 

Strand kyrkje

Post 1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post 3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post 5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN