To rundhaugar frå jernalder

Langs heile høgdedraget frå Presta-Varhaug lengst i nord, ligg det fleire gravminne. Mest iaugnefallande er den store haugen som ligg innanfor gjerdet til den nye kyrkjegarden. Haugen er rund, omlag 24 meter i tverrmål og 3 meter høg. Han er skadd i toppen og i søre kanten. Kan henda har her vore gravplyndrarar på ferde?
Omlag 30 meter nordvest for gravhaugen på kyrkjegarden ligg ein annan gravhaug som på folkemunne er kalla "Ekornhaugen". Denne gravhaugen er også rund med eit tverrmål på 18 meter og høgde på omlag 2,5 meter. Haugen er øydelagt i toppen. Endane til eit gravkammer dekka av tre store heller, er synleg. Storleiken på kammeret er omlag 2 x 1 meter og det er 0,6 meter høgt. l søre kanten av "Ekornhaugen" syner og ei fotkjede bygd av store steinar. Det er i seinare tid bygd ein steingard tvers over haugen.

Ikkje undersøkte
Av alle dei mange store gravminna langs kulturstien, er berre eitt utgrave (sjå post 5). Vi kan derfor ikkje seia noko sikkert om alderen. Ut frå form og storleik trur vi at dei er frå jernalderen som varar frå omlag 500 f.Kr. til 1000 e.Kr.

Gravskikk i jernalderen
Gravskikkane i jernalderen var mangfaldige, men skikkane endrar seg i løpet av dette lange tidsrommet på 1500 år. Mest vanleg form på gravminnet var den runde gravhaugen slik som desse to haugane ved kyrkja er gode døme på. Ofte blei gravene lagde på stader som var godt synlege i terrenget frå gardane i bygda. Slik kunne ein sjå gravstadene og minnast dei døde.

Sentral stad
Kyrkja i Strand er i dag omkransa av fleire store gravhaugar. Då folk i kristen tid bygde gudshuset sitt på høgdedraget, valde dei å plassera kyrkja på den mest sentrale staden. Slik fekk den kristne kyrkjegarden tilknyting til dei heidenske gravene i bygda.

 

 

Gravhaugar ved kyrkja

Post 1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post 3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post 5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN