Ei vikingtids høvdinggrav

Haugen
Denne gravhaugen inneheldt eit av dei rikaste vikingtidsfunn vi kjenner frå Rogaland. Han var opphavleg 17 m i tverrmål og 3 m høg. l dag er berre halve haugen igjen.

På sørsida av haugen, mot bekken, har det frå gamalt vore eit grustak. Opp gjennom åra har den lause sanden rasa ut på den sida. l 1934 var grustaket kome så nær haugen at det brått rasa ut ein del av han. Holger Strand fekk då auga på ei helle i skjeringa. Då han tok hella til sides såg han rett inn i ei gravkiste.

Grava
Gravkista var 1,3 m lang, 0,4 m brei og 0,3 m høg. Ho var bygd opp av heller på alle sider, i botnen og som lokk. Kista stod i eit ikring 2,5 m vidt brannflak med trekol og brende bein forutan ikring 130 båtsaum. Den døde er blitt lagt med fullt utstyr i ein båt som deretter er blitt sett eld på. Etter likbrenninga blei dei mange gravgåvene samla saman og lagde for seg i den oppmura kista, medan båtrestane blei lagde rundt denne under eit lag kuppelstein. Over dette blei det så bygd ein
stor haug av grus og sand.

Gravgodset
Gravkista inneheldt over femti gjenstandar. Funna syner at det var ein mann som blei gravlagt her. Han hadde fått med seg fullt våpenutstyr; eit tveegga sverd, spyd, øks, åtte piler og fire skjold. Ein hammar, ei tang og eit trådjern tyder på at han var smed. Ein høvel, ein kniv og eit skavjern vitnar om at han også må ha drive som snikkar. Elles hadde han fått med seg saks, eldstål, kniv, sigd, skiferbryne, fiskesøkke, klebersteinsgryte og kam. Det mest interessante er likevel seks spelebrikker av bein, seletøybeslag, to beisel og to stigbøylar.
Funna daterer ryttargrava til første halvdelen av 900-åra, gjerne i Kong Håkon den gode si tid.

Ein høvding
Spelebrikker finn vi berre i rike mannsgraver. Det skal først og fremst ha vore høvdingar som spelte tafl. Rideutstyr i form av beisel og seletøybeslag er ikkje uvanleg i vikingtidsgraver. Det er derimot stigbøylar. Desse to frå Strand er dei einaste vi i det helle tatt kjenner frå Rogalands førhistorie. Dei er sjeldne også elles i Noreg. Truleg har eigaren vore ein person med visse administrative oppgåver. Her på Strand kan vi tenkja oss ein kongens mann med oppsyn over det ytre Ryfylke.

"Ryttargrava"

Post 1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post 3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post 5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN