Båtplass frå folkevandringstid og vikingtid

Nausttufta ligg i dag omlag 25 m opp frå strandlinja. Tufta er ikkje undersøkt, men høgda over havet tyder på at naustet har vore i bruk ein gong mellom 400 og 1000 e.Kr. Berre ei utgraving kan gje sikrare aldersbestemming.

Storleik

 
Nausttufta er 24 m lang. Utvendig bredde i endane frå 6,5 til 7,5 m og på midten 8 m. Murane er kistemura med store steinar på sidene og mindre stein imellom. Gavlveggen mot sjøen har truleg hatt ei dør av tre utan at noko av denne syner på overflata i dag. Til nausta høyrde eit båtopptrekk som kunne vera laga av steinheller, trelunner eller sand og jord. Heller ikkje noko av dette syner i dag. Den store steinblokka ved søre enden av eine langveggen har ein nok mått ta omsyn til

Bruk
Ut frå storleiken kan vi seia at naustet husa båtar opp til ei lengd på 22 m og med ein største breidde på 4 m. Frå 600-700-talet kjenner vi i dag båtar på 18 meter, medan det kjende Osebergskipet frå omkring 850 e.Kr. var 21,5 m langt. Truleg har nausttuftene og vore nytta på andre måtar. Ved undersøkingar av førhistoriske nausttufter på Nord-Jæren har ein t.d. funne store mengder brot etter såkalla spannforma leirkar. Mykje tyder på at desse kara blei masseproduserte i våre område på denne tida. Kanskje var naustet lagerplass for vidaresal per båt? Funn frå undersøkte tufter, slik som fiskekrokar, knivar, spikrar og naglar av jern, bryne, restar etter tretiner o.l. syner elles attende til sjøbruk. Ein kan vel heller ikkje sjå bort frå at nausta kan ha vore nytta til bustadføremål, m.a. er det funne eldstader i fleire av dei.

Strandastøa
Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at vi finn ei førhistorisk nausttuft i Strandastøa. Staden har rike historiske tradisjonar som hamn og møteplass heilt fram til våre dagar.

Nausttuft

Post 1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post 3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post 5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN