Anlegget inneheld tre tufter (berre to er merka av på kartet), ei grav, båtopptrekk, båtstø og ein sti. Den nordlegaste tufta (nr. 1 på kartskissa) er 33 m lang, 8 m brei på midten og 6 m i endane, innvendige mål. Tuft nr. 2 er vel 30 m lang, snautt 6 m brei på midten og vel 5 m i endane. Her er det fjerna mykje stein slik at murane ikkje er samanhengande. Frå nausta og rett mot nord går det eit tre meter breitt, rydda opptrekk til ei båtstø som ligg i kanten av Hoptjern (sjå kartskissa). Den nordre delen av opptrekket er i ei lengd av 21 m hellelagt med store steinar som ligg kant i kant. Mot sør forsvinn hellene under grastorva, men ein går ut frå at dei er lagde heilt fram til nausttuftene.

Tidfesting
Naustanlegget er ikkje utgrave. Ei prøveundersøking i 1960 omfatta ein kvadratmeter på to ulike stader i tuft 1. l den første ruta fann ein berre torv. l den andre m.a. nokre trebitar og trekol. To C14-dateringar gav tidfesting til 200- og 600-talet e.Kr. Seinare undersøkingar tyder på at det har lege ei eldre, mindre tuft mellom og delvis under dei tuftene som er synlege i dag, og dette kan vera forklaringa på den store skilnaden i alderen på dei to C14-prøvene.

Havet sto høgare
Vi kan gå ut frå at havet har stått frå ein til to meter høgare den gongen naustanlegget var i bruk. l dag ville det knapt vera råd å koma inn i Hoptjern sjølv med ein mindre båt. Med ein vasstand t.d. 1,5 m høgare enn i dag ville framleis skjeret i det nordlege utløpet frå Hoptjern stengja, men det ville vera mogleg å nytta det vestlege utløpet (sjå kartskissa). Navnet Hoptjern kjem frå det gamalnorske "hop" som tyder ei smal vik av sjøen. Etter ei gammalt segn blei nausta her bygde av kong Ferking på Ferkingstad, og "kongsgarden" hans skulle ha lege i Ferkingstadmarka omlag 300 m sør-aust for naustanlegget.

 

Naustanlegget på Nes

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN