Rehaugane er blant våre mest storslåtte minne frå førhistorisk tid. Dei største er over 30 m i tverrmål og omlag 5 m høge. Bygningsmaterialet er hovudsakeleg grastorv. For å byggja den største haugen måtte ein truleg spa torv frå eit areal på 20 mål. Ein veit ikkje kor mange tusen dagsverk som gjekk med. Kven var dei som hadde så stor makt og rikdom at dei kunne la byggja slike minnesmerke for seg og sine?

Overklasse
l enkelte område, t.d. Karmsundet som kontrollerte sentrale handelsvegar, var det i bronsealderen grunnlag for ein overklasse av kvinner og menn som stakk seg ut økonomisk, og truleg også religiøst og sosialt. Rehaugane og fleire andre store haugar og røyser på Karmøy, er minner etter dei som har høyrt til denne overklassa.

Gravfeltet på "Bloheia"
Høgdedraget vest for Rv 14 på gardane Nedre Hauge, Utvik og Lande kallast Reheiå. Her låg mange spor frå forhistorisk tid urørde heilt fram til i 1820-åra. Det blei så grave i mange av haugane. l Fortidsforeningens årbok frå 1876 er det ein "Oversigt over faste Fornlevninger paa Bloheien": (sjå kart)


6 Rundhauger af en Størrelse fra 118 til 160 Skridt i Omkreds;
16 Rundhauger, deraf dog en tvivlsom, af en Størrelse fra 54 til 95 Skridt i Omkreds;
15 Rundhauger, hvoraf en tvivlsom, af en Størrelse fra 34 til 19 Skridt i Omkreds;
7 Firkanter; 1 Bautastein, ødelagt.

Av alt dette er det fram til i dag teke vare på seks gravhaugar og den øydelagde bautasteinen som no er restaurert (merka med grønt på kartet).
Elles har truleg namnet "Bloheia" eit folkeleg opphav. Snorre fortel om eit slag mellom Håkon den gode og Eiriksønene ved Karmsundet. Tradisjonen har knytt saman denne hendinga og dei mektige gravminna på Reheiå.

Rike funn
Det er kome inn ein del funn til musea i Oslo og Bergen, etter at det i 1823 første gong blei grave i Rehaugane, m.a. menneskebein, sverd, dolkeslire og bronseknappar. Av det som er berga, er det berre sju funn som ein sikkert kan knyta til bestemte haugar. Det gjeld mellom anna den vridde armringen av gull (sjå teikning) som er funnen i Guttormshaug (raud på kartet).

Meir om gravhauger på Reheiå.

 

 

 

 

Gravhaugane på Reheiå

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN