Høvdingsete - Kongsgard - Prestegard. Frå ca. 300 e.Kr. til i dag.
På begge sider av Karmsundet er det kjent funn og fornminne som fortel om tett busetnad like tilbake til steinalderen. Dei store gravhaugane på Reheia på Utvik vitnar om at distriktet må ha vore sete for mektige slekter alt i bronsealderen (ca. 1800-500 f.Kr.).

Garden Avaldsnes
Sentralt ved leia gjennom sundet ligg garden Avaldsnes. Tradisjonen seier at han har namn etter segnkongen Augvald som skal ha levd i eldre jernalder (før 600 e.Kr.).

Kongsgarden
Under rikssamlinga vart Avaldsnes ein av Harald Hårfagre sine kongsgardar. Han døydde kanskje her ca. 933. Også for seinare kongar vart garden eit viktig støttepunkt i den rikspolitiske organiseringa utover i mellomalderen.

Den nåverande kyrkja (post 2 på kartet) vart bygd av kong Håkon Håkonson mellom 1248 og 1263. Kongane hadde årmenn til å styra garden for seg. I 1322 heldt lagmannen lagting på Avaldsnes, men dette vart før 1351 flytta til Stavanger.
Ein tradisjon fortel at hanseatane hadde sin første handelsstasjon i Norge på Nottå under Avaldsnes, før dei sette seg til i Bergen. l ein strid med kong Håkon 6. sette hanseatane fyr på kongsgarden i 1368. Tunet på kongsgarden låg truleg der det i dag er parkeringsplass like sør for kyrkjegarden.

Høvdingsetet
Den som hadde makta her og kontroll med ferdsla gjennorn Karmsundet, hadde kontroll med Sørvest-Norge
Eit gravfunn frå Flaghaugen (post 3 på kartet) er eit av dei rikaste i sitt slag frå eldre jernalder i Norge og peikar Avaldsnes ut som eit viktig høvdingsete alt ca. 300 e.Kr.

Prestegarden
l seinmellomalderen miste Avaldsnes rolla som kongsgard.
Han heldt fram som prestegard for Avaldsnes prestegjeld. Stabburet på parkeringsplassen er det einaste som finns att av det gamle prestegardstunet
På 1700- og 1800-talet var Avaldsnes ei tid på nytt eit økonomisk og administrativt sentrum i Karmsundet. Då var det handelsstad, gjestgiveri og tingstad på Gloppe (post 5 på kartet).

 

 

"Kulturminnestien" - Avaldsnes

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN

 
   

 

Skilt 1: Avaldsnes
Skilt 2: Olavskyrkja
Skilt 3: Flaghaugen
Skilt 4: Lahammaren
Skilt 5: Gloppe