Særleg nytta i yngre steinalder. Ca. 3000 - 2000 år f.Kr.

Gjennom store delar av forhistorisk tid blei ope lende brukt som buplassgrunn framfor holer og hellerar. På denne staden ved Mosvatnet har menneske budd ei rekkje gonger: mot slutten av eldre steinalder (ca. 6000 år før notid), i yngre steinalder (4-5000 år før notid) og i yngre jernalder (for 1000 - 1500 år sidan).
Buplassen blei arkeologisk undersøkt i 1974 og 1975 som ledd i det tverrvitskaplege Ulla/Førre-prosjektet. Utgravingane gav ei rekkje opplysningar om bruken av området i forhistorisk tid - men framleis er det mykje ein ikkje har fått endeleg svar på. Flest funn og haldepunkt ligg føre om opphald på buplassar i yngre steinalder.

Kva blei funne?
Om lag 2000 kvasse, tilhogde fliser av flint, kvarts og bergkrystall ligg føre frå steinalderbusetnaden. 60 av gjenstandane er ferdige småreiskapar eller delar av slike. Resten er avfall frå reiskaptilverking på staden. Funna låg innafor eit samanhengande felt på 20-25 kvadratmeter som viser storleiken på buplassen. Reiskapar av tre og bein, og avfall frå måltider var ikkje bevarte. Det blei heller ikkje påvist stolpehol, veggvollar, hyttegolv eller andre detaljar som fortel nærmare om korleis buplassen var innretta.

Kva funna fortel - om bruken av området
All flint som blei brukt til produksjon av reiskap, må vera tilført frå kysten - anten direkte eller via mellomledd. Kvarts- og bergkrystall er truleg blitt henta frå lokale førekomstar i høgfjellet aust for Mosvatnet. Dette viser at dei som heldt til på buplassen utnytta vide område, både i låglandet og i fjellet.

- om livberging
Pilspissar er vanlegaste reiskapstypen på buplassen, og ei rekkje formvariantar er representerte (sjå teikninga). Dette tyder på at staden har vore ein jaktbuplass. Både storvilt og småvilt er blitt felt i områda rundt Mosvatnet og frakta til buplassen. Ei rekkje småreiskapar (skraparar, knivar, bor) har vore brukte til tilverking av skinn, senar og bein frå byttedyra. Dessutan tyder mykje på at det blei halde tamfe ved Mosvatnet alt i yngre steinalder.

- om naturtilhøve
Vegetasjonshistoriske undersøkingar viser at terrenget rundt Mosvatnet var temmeleg tett skogkledd for 4-5000 år sidan, med furu og bjørk som dominerande treslag. Det voks også ein del or og litt hassel. Sommartemperaturen må ha vore 2-3 grader høgare enn i dag.

Heilårs- eller sesongopphald?
Både dei få funna og mangelen på bustadrestar tyder på at folk brukte buplassen i sesongar til jakt og tamfehald. Kanskje står vi overfor eit av dei tidlegaste tilfella av stølsbruk? l vinterhalvåret heldt menneska truleg til i dei nærmaste stroka i låglandet. Mo/Vasshus i Midtre Suldal kan ha vore eit like naturleg utgangsområde for sesongutnytting av Mosvatnet i steinalderen som det er i dag.

Gjenbruk i yngre jernalder
For 1300 til 1100 år sidan (i merovingertida og vikingtida) blei buplassen teken i bruk på nytt. Dette går m.a. fram av tre store eldstader med trekol og kokstein som var nedskorne gjennom funnlaget frå steinalderen.
På grusmoen like i nord, mellom buplassen og Mosstøl, er det fleire spor etter forhistorisk jernvinne. Det er rimeleg at buplassopphalda i yngre jernalder har hatt samanheng med utvinning av myrjern i området. På denne tida blei ei rekkje stølsområde i Suldalsheiane utnytta i sesongane til beite, jernvinne og jakt - t.d. Stråpasandsa 8-10 km aust for Mosvatnet.


Buplass ved Mosstøl

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN