Gravrøys frå slutten av bronsealder og keltisk jernalder 600 f.Kr. - 200 e.Kr.

"Steinhaug" skulle opphavleg vore fjerna heilt for å gi plass til den store vasstanken som i dag ligg 100 m lengre sør. Ei arkeologisk undersøking blei sett i gong i 1969-70. Det synte seg at "Steinhaug" var i god stand og dessutan hadde eit særpreg som gjorde det ynskjeleg å ta vare på han for ettertida. Det blei vedteke at ein skulle restaurera den helvta som var undersøkt og la resten liggja att urørd (sjå illustrasjonen).

Byggjemåte
"Steinhaug" er omlag 32 m i diameter og 2,5 m høg. Han er bygd av stein og jord. Det mest særmerkte er steinmurane. Desse er bygde i fleire omgangar, truleg i samband med nye gravleggingar.


Gravene
Det blei funne to steinkister. Den største låg omlag i midten av haugen. Kanskje er dette spor etter den første gravlegginga. Ei mindre kiste ligg mellom dei to ytste steinmurane i søraust. Begge var utan funn, men fosfatanalyse av jorda i kistene viste at det har lege ubrende lik i dei begge. l den delen av "Steinhaug" som ikkje er undersøkt, er det truleg spor etter fleire gravleggingar.

l toppen av røysa blei det funne fleire spinnehjul (sjå figur) og brot frå spannforma leirkar. Dette er truleg spor etter gravleggingar frå romartida og folkevandringstida (200 - 600 e.Kr.). Opp mot våre dagar blei det dessutan fjerna ei større steinkiste som og låg i toppen.

Helleristningar
Spreidd rundt i røysa blei det funne ti mindre steinheller med frå ei til elleve skålgroper i kvar. På den store, jordfaste steinblokka er det seks skålgroper, og på den trekanta blokka sør for denne er to fotsolar rista inn. Desse helleristingane har truleg vore ein del av dei religiøse rituala som har gått føre seg i samband med gravleggingane.

"Steinhaug", Særheim, Klepp

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN