Det er kjent bygdeborger frå heile Sør-Noreg så langt nord som til Harstad i Troms, omlag 300 borganlegg til saman. Liknande forsvarsverk er og kjende frå nabolanda våre.
Bygdeborgene har det felles at dei ligg på stader som frå naturen si side gjer dei vanskeleg tilgjengelege. Slik blir dei lettare å forsvara. Nokre ligg ved ferdslevegar, andre på holmar eller øyar i vatn. Der dei naturlege hindringane ikkje var gode nok for å halda inntrengjarar ute, blei det bygd murar eller forsvarsvollar. Desse hjelper oss i dag til å finna att bygdeborgene.

Forsvarsanlegg
Alle er samde om at desse fornminna har vore nytta som forsvarsanlegg i urolege tider. Me kan kanskje tenkja oss at dei har vore fluktstader for store gardar eller heile grender. Her kunne menneske og dyr samlast når fare trua. Ei anna tolking er at krigarar hadde tilhald på borgene. Då kunne dei m.a. tene som utkikspostar der ein brende vardar.
Berre ganske få av bygdeborgene i Noreg er undersøkte av arkeologar. Me er derfor på usikker grunn når me skal seia noko om kor gamle dei er. Truleg er dei fleste frå folkevandringstida, 350 - 600 e.Kr.

Bygdeborger i Rogaland
Rogaland er det fylket i landet som har flest bygdeborger. Til nå er der registrert meir enn 50. Kartet syner lokaliseringa i Rogaland. Dei fleste bygdeborgene ligg i ytre Ryfylke, på Ryfylke-øyane, på Nord-Jæren og i Dalane. At dei manglar på Flat-Jæren har truleg si naturlege forklaring. Her finst det få stader som eignar seg for denne typen forsvarsanlegg.

Rikdom
Ute i Europa var desse hundreåra politisk sett urolege. Romarriket sto for fall. Store folkegrupper var på vandring og slo seg ned på nye område. Kanskje førde dette til uro og omvelting også her.
Folkevandringstida var sterkt prega av ekspansjon nettopp i Rogaland. Til dømes blei mange utkantgardar tekne i bruk. Dette kan tyda på at det har vore trongt om plassen. Rike grav- og skattefunn tyder også på at det var ei tid med stor rikdom. Gullfunna er talrike.

Bygdeborga på Kvednhusberget
Plasseringa av bygdeborga på Kvednhusberget er typisk. Ho ligg sentralt i bygda med god utsikt utover fjorden.
Berget er flatt på toppen, men er elles ganske bratt heile vegen rundt. Nokre stader er det mogleg å klatra opp utan for store vanskar. Der finn me i dag restar etter murar som blei bygde som sperring. Truleg har desse murane og hatt palisadar eller andre former for gjerde. Frå bygdeborga på Kvednhusberget kan ein sjå ei tilsvarande bygdeborg på Borgaråsen lengre sør.

Gravrøys frå bronsealder?
På den øvste toppen av berget ligg ei stor gravrøys som kan vera frå bronsealderen (1800 - 500 f.Kr.). Denne treng ikkje ha noko direkte med bygdeborga frå jernalderen å gjera.

Kvednhusberget

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN