Stjerneforma gravrøys frå eldre jernalder

"Dødssjødno" på Sele er ei ca. 0,5 m høg gravrøys av rullestein forma som ei stjerne med tre oddar. Oddane er orienterte mot nordnordvest, sørsørvest og aust. Armane er 10 m lange ut frå sentrum i stjerna. Ho vart ganske kraftig restaurert ikring 1935. Det er difor uvisst korleis ho opphavleg har sett ut. Det er likevel grunn til å rekna med at dei reiste steinane ytst i oddane er opphavlege.

Andre stjerner
Røysar bygde som stjerner er ei heller uvanleg gravform. Vi kjenner berre nokre få andre slike i Rogaland. Dei best kjende er to stjerneforma røysar på det store gravfeltet på Hå gamle prestegard og anlegget i "De fem dårlige jomfruer" ved Karmsundet.

Stjerna på Sele
"Dødssjødno" er ikkje utgraven. Vi veit difor ikkje kven som vart gravlagd her eller når det hende. I "De fem dårlige jomfruer" vart det funne ei grav frå ca. 300 e.Kr. l den eine av dei to stjernene på Hå vart det funne ei sekundærgrav frå 700-talet e.Kr. Det er difor grunn til å tru at stjerna på Sele vart bygd over ein avdød i siste del av eldre jernalder (ca. 300 - 600 e.Kr).
På grunn av den særprega forma må vi helst tru at det var ein viktig person som fekk sin siste kvilestad her. Namnet Dødssjødno" er nok av seinare dato. Vi finn ofte segner knytte til minne frå førhistorisk tid. Jærbuen kan ha spunne hendingar og tankar om døden kring dette særmerkte fornminnet

Stjerna og strandgravfelta
Stjerna på Sele ligg ikkje isolert. På same vis som dei to stjernene på Hå høyrer stjerna på Sele saman med eit større strandgravfelt. 20 m nordaust for stjerna ligg ei 11 m vid og 2 m høg gravrøys, og lenger vest ligg ei mengd røysar sørover langs store deler av Sele-stranda. Best synleg er røysane sør ved den store bronsealderrøysa Tangarhaug. Slike strandgravfelt finn vi langs heile Jær-kysten frå Kvassheim i sør til Sele i nord


"Dødssjødno"

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN