Gravhaug frå eldre bronsealder

Tingvollen
Tingvollen er opphavleg ein gravhaug frå eldre bronsealder (1800 - 1000 f.Kr.). Gravhaugane frå eldre bronsealder vart ofte nytta til fleire gravleggingar gjennom tida, og derfor er dei ofte påbygde. Det som skil Tingvollen frå dei fleste andre storhaugane frå bronsealderen, er den kraftige steinrekka (fotkjedet) rundt haugfoten og den avflata profilen. Det kan tyda på at Tingvollen ikkje har vorte så mykje ombygd som mange andre, og derfor enno har sin opphavlege utsjånad.

Namnet
Namnet Tingvollen må vera sekundært. Han kan ha fått namnet fordi han har vore nytta som tingplass i seinare tid. Men frå folketrua veit vi også at gravminne som steinkrinsar og liknande, ofte blir kalla tingplassar, sjølv om dei opphavleg er graver frå førhistorisk tid.

Best bevart
Tingvollen er ein av dei best bevarte store gravhaugane frå eldre bronsealder på Jæren, og årsaka kan kanskje vera tradisjonen om at haugen var ein tingvoll. Det finst ikkje spor etter plyndringsforsøk på Tingvollen, i motsetnad til andre storhaugar. Lukkeleg nok har vel ingen skattegravarar funne det møda verd å leita etter skattar i ein tingvoll - og difor kan vi no sjå korleis ein storhaug frå eldre bronsealder såg ut.

Tingvollen

Fornminne på Lye Prestegard
Tingvollen
Gravfeltet på Lye
Hustuft på Lyevollen

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN