Gravfelt
Gravfeltet omfattar fire runde og tre avlange gravhaugar og tre steinleggingar. Ein av dei avlange haugane og to av steinleggingane vart undersøkte i 1969. Dei to andre langhaugane er diverre svært skamfarne av masseuttaket som tidlegare låg i utkanten av gravfeltet.

Graver
Då dei grov ut langhaugen i 1969, fann dei ei kvinnegrav og ei mannsgrav frå slutten av 500-tallet e.Kr., diverre sterkt øydelagde av gravrøvarar. Men det syntest som dei hadde vore gravlagde saman. Kvinna låg med fullt draktutstyr, eit kjede av glasperler og fleire små spenner av bronse. Mannen hadde fått med seg ein stor våpenkniv eller sverd. Begge hadde fleire leirkar med seg. Og ein av dei hadde fått med eit par hektespenner av bronse som kan vera laga i England. Den vesle runde steinlegginga var og frå omlag same tida, men gravutstyret der var mykje enklare; ei glasperle og eit leirkar. l den avlange, firkanta steinlegginga fann dei berre nokre jernrestar. Men gravforma tyder på at ho er frå århundra før Kristus.


To bøylespenner og ei hektespenne av bronse frå langhaugen. Saman med fleire spenner er dette restar etter ei gravleggjong frå slutten av eldre jernalder.

Pigghaug
Den største gravhaugen ligg lengst nord på feltet. Han er mest 22 meter i tverrmål og tre meter høg, og heiter Pigghaug. Haugen er ikkje utgraven og kan nok, som fleire av dei andre storhaugane rundt Lye prestegard, innehalda graver frå både bronsealder og jernalder.

Gravfelt, Lye, Time

Fornminne på Lye Prestegard
Tingvollen
Gravfeltet på Lye
Hustuft på Lyevollen

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN