Bautasteinane blei registrerte i 1919. Berre ein av steinane stod då oppreist, medan seks steinar var tatt ned og nytta som byggjemateriale i bruer. Fornminnet blei restaurert i 1952 av Jan Petersen.
I dag står bautasteinane i to rekkjer vinkelrett på kvarandre (sjå figur).
Steinane i den austre rekkja står truleg på opphavleg stad, medan det er usikkert om den nordre steinrekkja er riktig plassert. Dei er 1,8 - 4 m høge, 0,5 - 1,5 m breie, smalnar av mot toppen og er avhogne på skrå, noko som er vanleg på dei fleste bautasteinar. Bautasteinane er kalla Resasteinane eller Sversteinane, og sletta der dei står heiter Dukjen.

Fjerna gravrøys
l 1926 låg det ei gravrøys aust for bautasteinane som nå er fjerna. Her fanst ei leirkrukke med oske som viser at den døde var brent. Restane etter likbålet har ein deretter plassert i leirkaret.
Gravleggingsmåten var vanleg for 16-1700 år sidan (eldre jernalder). Det er usikkert om bautasteinane tilhøyrer same tidsperiode som gravrøysa. Ved Grindevatnet, omlag 550 m nordaust for Dukjen, ligg eit steinbrot der det er tatt ut bautasteinar. Det er ikkje utenkjeleg at bautasteinane her kjem frå dette brotet.

Minne om døde
Bautasteinar kan stå enkeltvis eller fleire samla. Dei fins ofte i nærleiken av graver og gravplassar. Og i mange tilfelle er dei plasserte oppå gravhaugar. Derfor kan det tenkjast at dei er reiste til minne om ein avdød person.
Mange bautasteinar har runeinnskrifter, men ikkje dei som står her. Samlingar med 7 bautasteinar er sjeldne, og Jan Petersen omtalar fornminnet som: "et av de merkeligste fortidsminner vi har fra den hedenske tiden her i Rogaland og på Vestlandet i det hele."
Det er mogleg at steinane er reiste til minne om ei særskilt hending. Staden kan seinare ha vore ein heilag plass der folk kom saman på høgtidsdagar. Ei gammal segn fortel at det ligg ei helle ved bautasteinane, og under hella finst ein gullkårde. Men den som løfter opp hella, vil falla død om.
På garden Erland, ei mil aust for Grinde, finst ei liknande samling med sju bautasteinar.

Sju bautasteinar, Grinde, Tysvær

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN