På denne låge terrasseflata, som strekkjer seg ned til sjøen, ca. 320 m borte, ligg eit stort gravfelt. I dag omfattar feltet 22 gravhaugar (17 runde haugar, 5 langhaugar) og 2 naustlufter (fig.l). Dessutan ligg 5 - 6 runde tuver nordaust på feltet, som og kan vera gravhaugar.
Gravfeltet utmerkar seg med mange store og godt bevarte haugar, som er lett synlege i landskapet.


Fig. 1. Gravfeltet på Øvre Mæle
Forma er lik ei halvkule, slik at høgda blir stor i forhold til vidda. Dei 8 største haugane er 11 - 15 m i diameter og 1,7 - 2,5 m høge. Langhaugane er 9 - 20 m lange og 4 - 6 m breie. Høgda varierer mellom 0,5 og 1,0 meter. Haugane er bygde av jord og er graskledde. Dei fleste haugane har grop i toppen etter tidlegare gravplyndring.
Området her heiter Hortane, som tyder ujamn, knudret overflate. Det er ikkje utenkjeleg at gravhaugane har gitt området namn.

Kven blei gravlagde på Mælefeltet?
Folk som blei gravlagde på Mælefeltet må ha budd på gardane rundt. Dei har truleg tilhøyrt dei øvre samfunnslaga i bygda, fordi det berre var rike kvinner og menn som fekk gravminne reist etter seg. Ingen av gravene er undersøkte, og det er heller ikkje gjort funn her. Derfor er det vanskeleg å vita kva periode av jernalderen gravplassen var i bruk.

Funn frå andre graver.
I 1901 kom det inn til museet tre gravfunn frå Øvre Mæle. Alle funna skreiv seg frå gravkammer i haugar. Det var to kvinnegraver med smykke og reiskapar, m.a. to betalingsringar av gull samt ei mannsgrav med våpen. Funna daterer gravene til folkevandringstida (350 - 550 e.Kr). Det er uvisst om funna er frå gravfeltet. Dei har truleg kome for dagen på stader som nå er dyrka.

Nausta på Mæle
Nausttuftene ligg lengst SV i gravfeltet. Dei er gravne 1,5 m ned i bakken og har hatt vegger av stein, som nå er utrasa og overvaksne av gras. Veggene er litt krumma og nausta har hatt opne gavlar ut mot fjorden. Lengda er 13 - 18 m og breidda 3 - 4 m. Nausttuftene ligg berre 2,5 moh. Derfor er det ikkje så merkeleg at det er 320 m til fjorden. Ein reknar med at havnivået i jernalderen var 2 m høgare enn i dag. Då har sjøen lege berre 60 m frå nausta.

Datering
Nausta kan vera frå vikingtida (800 - 1050 e.Kr.) eller seinare dersom ein reknar landhevinga dei siste 1000 åra til 2 m. Gravfeltet, som ligg kring 4 moh., kan vera samtidig eller eldre.

Meir om nausttufter i Rogaland

Gravfelt og nausttufter frå jernalder på Øvre Mæle, Hjelmeland

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN