Gravfelt frå jernalderen
l området mellom Fistervågen og den nye skulen er det registrert mange gravfelt frå jernalderen (500 f.Kr.- 1050 e.Kr.). l dette tidsrommet var det mest vanleg å gravlegga folk i runde eller avlange haugar og røyser.
 

Gravrøys på skuletomta
Omlag der den nye skulen står, låg det tidlegare ei gravrøys. Fire andre røyser like ved blei fjerna under arbeidet med den nye idrettsbanen. Til saman utgjorde dei truleg eit gravfelt.
Før bygginga av den nye skulen kunne byrja, måtte gravrøysa undersøkast. Utgravinga føregjekk i 1989. Røysa var låg og bygd opp av stein lagt i sirkel rundt ein stor jordfast stein. Under steinlegginga låg ein kolplett som inneheldt dei fleste funna. Her fanst mellom anna krossforma spenne, spinnehjul, mansjett av bronse og fragment av pinsett. Nokre få brende bein viste at det var ei branngrav. Gravgåvene var brent på bålet ilag med den døde.


Krossforma spenne og spinnehjul funne i gravrøysa.

Ut frå funna veit vi at det må vera ei kvinne som er gravlagt her. Krossforma spenner høyrte til på kvinnedrakta. Dessutan var spinning med handtein kvinna sitt arbeid. Spinnehjulet av keramikk blei brukt som svinghjul på handteinen av tre når ull skulle spinnast til garn. Kvinna er blitt gravlagt for 1600 - 1700 år sidan, i eldre jernalder. Vi veit også litt om kven denne kvinna var, fordi berre ein liten del av folket i jernalderen fekk reist gravminne etter seg. Det var helst velståande bønder, og kvinna har truleg tilhøyrt ein slik familie.


Gravfelt nedanfor skulen
Omlag 300 m vest for skulen, ved Eikehaugen, ligg elt gravfelt som består av to langrøyser, tre rundrøyser og ein rundhaug. l området mellom gravminna finst spor etter gammal åker. Gravminna er gras- og mosekledde og fleire har grop i toppen etter tidlegare gravplyndring, Nå er dei ikkje så lette å få auge på fordi dei ligg i eikeskog. Men den gongen gravminna blei bygde har det truleg sett annleis ut. Gravfelt ligg vanlegvis nær tuna på gardane eller langs ferdslevegar, og det var viktig at dei synte godt igjen i landskapet. Derfor kan det tenkjast at det ikkje var skog på Eikehaugen i jernalderen, men i staden fritt utsyn til sjøen. Då har gravminna på høgdedraget her vore godt synlege frå bygda nedanfor. Langrøysene er 12 - 22 m lange, 4,5 - 5 m breie og 0,4 - 0,75 m høge, medan rundrøysene er 9 - 17 m i diameter og 0,75 - 2,5 m høge.
Ved vegen til skulen ligg det også to gravfelt, 175 m og ca. 300 m nordvest for skulen. Feltet som ligg lengst mot nordvest består av åtte runde gravrøyser. Berre dei to største røysene er godt synlege. Dei er 13 - 20 m i diameter og 2 - 3,5 m høge. Feltet nærast skulen inneheld to store rundhaugar. Begge ligg like ved vegen og er lette å få auge på. Dei er 20 - 22 m i diameter og 1 - 3 m høge. Ingen av desse gravfelta er arkeologisk undersøkte, og det er heller ikkje kjent funn frå dei.

Datering
Kven som er gravlagde på desse gravfelta er uvisst. Det kan vera familien til kvinna i grava på skuleområdet, men så lenge dei ikkje er undersøkte av arkeologar er det vanskeleg å avgjera. Frå fleire av dei større haugane utover mot Fistervågen er det kjent mannsgraver frå yngre jernalder, særleg frå merovingartida (550 - 800 e.Kr.) som kjem før vikingtida. Men førebels veit vi ikkje kva periode av jernalderen gravfelta var i bruk.


Midtre Fister, Hjelmeland

 

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN