Vegfar Vad Høystakktuft Høystakktuft Gravhaug Gravhaug Åkerhakk Gravhaug Gravhaug Gravhaug Hellar
1 hellar, 2a-2b gravhaug, 3a-3b gravhaug, 3c åkerhakk, 4a-4b høystakktuft, 5a vegfar, 5b vad

To rundhaugar frå jernalderen
Oppe på Øksnevadvarden ligg to gravhaugar. Ein av haugane (2a på kartet) ligg i nordaust-enden av varden. Han er 9,5 m i diameter og ca. 1,3 m høg. Det er bygd ein steingard over haugen i nyare tid. På søre halvdel av haugen veks grantre, medan den nordre halvdelen, som ligg i beitemark, er overvaksen av gras.
50 m sørvest for (2a) ligg den andre haugen (2b), like i kanten av ein kjerreveg. Han er 17 m i diameter, 2,5 m høg, og den mest iaugefallande av dei to haugane. Nordre delen er øydelagd fordi ein vasstank av betong er nedgraven her. Toppen av haugen er noko avflata. l dag veks granskog tett inntil haugen i aust og sør, men i jernalderen var området utan skog. Det må derfor ha vore eit storslått utsyn frå dette høgdedraget over store delar av Jæren.
Gravhaugane er ikkje undersøkte av arkeologar og det er heller ikkje kjent funn herfrå. Av den grunn er det vanskeleg å seia noko sikkert om alderen. Men vi trur at dei er bygde i jernalderen (500 f.Kr. - 1050 e.Kr.).

Gravskikk i jernalderen
l løpet av det 1500 år lange tidsrommet som jernalderen varte, blei folk gravlagde i haugar og røyser. Dei låg anten åleine, i små felt eller på store gravplassar. Runde haugar, slik vi har døme på her, var mest vanleg. Gravminna blei som oftast lagde på godt synlege stader i terrenget, nær tuna på gardane og ved ferdslevegar. På denne måten kunne folk sjå gravene og minnast dei døde.
Nedanfor Øksnevadvarden, på austsida, finst eit gammalt vegfar som ein trur er restar etter "Kongevegen" frå midten av 1600-talet. Det er ikkje usannsynleg at "Kongevegen" følgjer eit eldre vegfar, som kan ha vore her alt i jernalderen.

Kven er gravlagde i haugane?
Fordi det var mykje arbeid som blei lagt ned i bygginga av gravhaugane, reknar vi med at berre dei rikaste folka i bygdene hadde råd til å få reist gravminne etter seg. Det er derfor truleg at dei som er gravlagde her har tilhøyrt slekta til bonden som budde på Øksnevadgarden ein gong i jernalderen. Kanskje er det bonden sjølv som ligg gravlagt i den største haugen?

Gravhaugar på Øksnevadvarden

1 hellar,
2a-2b gravhaug,
3a-3c gravhaugar og åkerhakk,
4a-4b høystakktuft,
5a-5b vegfar og vad

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN