Gravrøysar frå bronsealderen og jernalderen på Store Nessa

På Tonganeset ligg det ei rekke store og små gravrøysar frå førhistorisk tid. Det må ha vore gardane Nessa og Øverland som til ulike tider gravla sine døde her. Dette er store og sentrale gardar med busetnad som kan gå minst tre tusen år tilbake i tid. Kanskje er Øverland, Store Nessa og Indre Nessa partar av ein opphavsgard som bar namnet Nessa og var oppkalla etter det markerte neset her lengst ute på vestsida av Vindafjorden, og som Tonganes er den ytste delen av? Særleg imponerande er nokre store røysar frå eldre bronsealder (ca. 1800 - 1000 f.Kr.)

Kva som finst
Som vist på kartet, finst fylgjande fornminne på Tonganeset:

  1. Ei 10 m vid og opp til 0,5 m høg rund steinlegging (grav) med deler av fotkjede synleg, på tangen mellom Stora og Litla Sandvikjå
  2. Ei 12 m lang, 4-5 m brei og 0,5 m høg gravrøys mellom Stora Sandvikjå og Kjeringvikjå
  3. Gravfelt med minst 5 gravrøysar nordaust for Kjeringvikjå. Dei er mellom 8 og 12 m vide og frå 0,5 til 1,75 m høge. l alle høve dei største må vera frå eldre bronsealder (ca. 1800 - 1000 f.Kr.)
  4. Ei 7-8 m vid og opp til 0,4 m høg steinlegging (grav) sørvest for Kjeringvikjå
  5. Ei 15 m vid og 2 m høg gravrøys frå eldre bronsealder mellom Kjeringvikjå og Dalshamna
  6. Ei 8 m vid og 1 m høg gravrøys på Kjøphammaren
  7. Ei 10 m vid og 1 m høg gravrøys oppe på ryggen ved rota av Tonganeset

Kor gamle er gravrøysane?
Etter storleik og utsjånad er det grunn til å tru at røysane er både frå bronsealderen (ca. 1800 - 500 f.Kr.) og frå jernalderen (ca. 500 f.Kr. - 1050 e.Kr.). Tonganeset kan såleis ha vore nytta som gravplass gjennom nærare 3000 år. Ingen av røysane er arkeologisk undersøkte.

 

 

Tonganeset, Tysvær


Om Tonganeset
Gravrøys frå jernalderen
Gravrøys frå bronsealderen

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN