Gravrøys frå bronsealderen (ca. 1800 - 500 f.Kr.)

Gravrøysa er ei av ei rekke tilsvarande store gravrøysar her på Tonganeset. Dei fleste vart bygde som kvilestad for ein avdød i eldre bronsealder (ca. 1800 - 1000 f.Kr.). Denne røysa er i dag 15 m vid og 2 m høg, men er sterkt skadd ved at mykje stein er kasta ut frå midten, slik at her er blitt eit djupt krater.

Gravskikk og funn
l krateret kan vi sjå eit ikring 1,5 m langt gravkammer orientert aust - vest. Nordveggen er fint murt opp av små heller som er lagde oppå kvarandre, slik skikken var og slik vi også kjenner det frå samtidige store jordhaugar på Jæren. Elles er det brukt store kantstilte heller som vegger i gravkammeret.
l store røysar som dette var det i eldre bronsealder vanleg å gravlegga dei døde i slike mannslange kister, fullt påkledde og med våpen eller smykke ved sida eller på kleda. Våpna (gjerne sverd, dolk, øks eller spyd) og smykka (gjerne halsringar, armringar eller beiteplater) var av bronse.
Då røysa tydeleg har blitt røva i eldre tid, og ho heller ikkje har vore undersøkt av arkeologar, finst det ikkje kjende funn frå henne.

Storbønder med makt og rikdom?
Å bygga ei så stor gravrøys som dette, krev både organisering av ein god del menneske og stor arbeidsinnsats. Det var nok difor ikkje alle som fekk reist eit slikt minnesmerke over seg. Dei bronsetinga som elles er å finna i graver frå denne tida, fortel dessutan om kontakt med folk lenger sørpå Jylland og kanskje like ned til Mellom-Europa. Kopar og tinn vart ikkje utvunne i Noreg på den tida, men kom langvegs frå. Den som vart gravlagd i denne store røysa på Tonganeset, må ha høyrt til ei ætt med både makt og velstand. Denne posisjonen var kanskje grunna på overskot i gardsdrift og jakt på pelsdyr, og kontakt og bytehandel med liknande ætter i andre bygder og andre landsdelar.

Nessa - ein storgard i bronsealderen?
Kanskje bør vi sjå på heile den flate og fruktbare bremmen langs fjorden her, med gardane Indre Nessa, Store Nessa og Øverland, som ein stor opphavsgard i eldre bronsealder, og setet for ei ætt med dei kontaktane og den velstanden som dei store røysane vitnar om. Husa og innmarka låg lenger inne under fjellfoten, men dei døde fekk kvila lengst ute på neset med vidt utsyn mot den leia som førde dit bronsen kom frå.

Kontroll med innseglinga til Vindafjorden?
Tvers over fjorden på austsida må tilhøva ha vore tilsvarande.

 

Tonganes, Store Nessa, Tysvær


Om Tonganeset
Gravrøys frå jernalderen
Gravrøys frå bronsealderen


< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN