Gardsanlegg frå eldre jernalder (500 f.Kr. - 550 e.Kr.)
På Ytre Lima finst restar etter tre gardsanlegg frå jernalderen. Eit av dei ligg her på Fodnabergheio kring 200 meter over havet. Alle gardane ser ut til å ha blitt rydda ein gong i byrjinga av folkevandringstida (350 - 550 e.Kr.). Fodnabergheio er ikkje undersøkt av arkeologar

Kva ser vi her?
Anlegget består av 3 hustufter, 5 gravrøyser, nærare 40 rydningsrøyser og åkerreiner. For nokre år sidan blei det også påvist ein geil (fegate) ved det eine huset (sjå fornminnekart). Geilen var inngjerda av ein steingard, der husdyra blei drivne ut på beite. Det var vanleg at dei to armane i geilen gjekk over i steingardar (utgarden) som svinga rundt innmarka og skilde denne frå utmarka. På Fodnabergheio er berre delar av utgarden påvist.

Husa
Husa viser i dag att som låge vollar av jord og stein (1 - 1,5 m breie og 0,4 - 1,0 m høge). Alle er langhus med ytre murar av stein og trevegger innanfor. Det største huset (nr. 1) er over 30 m langt og 7 -8 m breitt. Huset har truleg vore delt i to rom med bustadrom i sør og fjøs i nord. Det var vanleg at langhusa i folkevandringstida hadde både bustadrom og fjøs under same tak. Dei to andre husa som berre har eit rom, var truleg bustadhus.

Gravene
Gravrøysene, som alle er kring 9 m i diameter og frå 1,3 m til 1,7 m høge, ligg nær husa på garden. Det er runde røyser som er bygde av jord og stein. l 1910 blei det funne ei branngrav i haugen nærast hus 2. Eit spannforma leirkar fylt med brende bein var sett inn i kanten av haugen. Dette var sannsynlegvis grava til ein mann eller ei kvinne som budde på garden i eldre jernalder.


Livberging
Dei som budde på Fodnabergheio var bønder som levde av korndyrking og husdyrhald. Dei mange rydningsrøysene viser at innmarka har blitt rydda og dyrka. Det er påvist spor etter åkrar, og åkerlappane låg på terrassar i skråninga framfor husa. Sidan steingarden rundt innmarka delvis er borte, er det vanskeleg å seia noko sikkert om storleiken på det dyrka arealet.

Grannegarden på Høyland
På Høyland aust for Hengjefjellet ligg den andre øydegarden på Ytre Lima. Her finst to hustufter, geil, gravrøyser, rydningsrøyser og åkerreiner. Anlegget er ikkje arkeologisk undersøkt.

Fodnabergheio av Ytre Lima, Gjesdal

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN