På Krossøy, like utanfor busetnaden i Leiasundet, ligg restane etter ei lita steinkyrkje frå mellomalderen. Kyrkjeruinen viser i dag att som ei lita forhøging i dyrka mark.

Historikk
Kyrkjeruinen er omtale av Wilhelm Frimann Coren Christie i 1842 som "...Grundvolden av et Capel med cirkelrund Indhegning omkring.. ". Den gongen var ruinen godt synleg, men etter nokre generasjonar var den gamle kyrkja gløymd. I 1915 då grunneigaren skulle dyrka i området, trudde han det var ei grav han kom borti. Men etter nærare undersøking kunne konservator Helge Gjessing konstatera at "grava" var murfoten til ei kyrkje. Sletta der kyrkjeruinen ligg blir kalla
"Kyrkjevodl".

St. Clemens kyrkja
Under den arkeologiske undersøkinga av kyrkjeruinen blei murfoten graven fram og målt opp. Steinkyrkja som stod her har hatt skeivt, mest firkanta skip (9,55 x 9,25 m) og halvsirkelforma kor. Det er uvisst kva tid kyrkja blei bygd, men eit pavebrev frå 1146 i Munkeliv kloster (Bergen) si brevbok gir visse haldepunkt. Her står nemnt "øya som kalles Aumar med St. Clemens kirke", Stadnamnsforskarar meiner at Aumar var det opphavlege namnet på Kvitsøyene. Det er derfor grunn til å tru at St. Clemens kyrkja høyrer til dei eldste kyrkjebygga i Rogaland og at ho blei oppført omlag samstundes med Stavanger Domkyrkje, dvs. ein gong i første halvdel av 1100-talet.

Kvitsøy på 1100-talet
l 1100-åra tilhøyrte alle dei sju gardane på Kvitsøy Munkeliv kloster i Bergen. Det var truleg ein konge av Hårfagre-ætta som overdrog Kvitsøyene til klosteret for å sikra seg støtte frå kyrkja. Øyane ligg strategisk til i skipsleia. Det var derfor naturleg at kyrkja ved den gode hamna i Leiasundet blei vigd til sjømennene sin helgen, St. Clemens, som også var ein viktig helgen for dei sjøfarande kongane i den første kristne tida.

Kvitsøy kyrkje
Omkring år 1600 har Clemens-kyrkja stått til nedfall, truleg fordi ho var blitt for lita. Det blei då bygd ei ny tømra kyrkje i renessansestil i 1620. Den nye kyrkja overtok døypefonten, alterkalken og ein stor lysestake frå Clemens-kyrkja. Eldst av desse gjenstandane er døypefonten frå byrjinga av 1100-åra, som er dekorert med romanske palmettar og rankar.

Kyrkjeruin på Kvitsøy Ca. 1100 e.Kr.

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN