På sørspissen av Krossøy, ved innseglinga til Leiasundet, står ein steinkross som er 3,90 m høg, 48 cm brei ved foten og 11 cm tjukk. Breidda over armane er 1,87 m.

Det finst ingen runeinnskrifter på krossen, som er laga av skifrig bergart. Kvitsøykrossen er ein av dei største og flottaste steinkrossane som er bevart i dag.

Kvifor blei krossen reist?
På sletta der krossen står er det ikkje funne spor etter graver. Han er derfor ikkje reist til minne om ein avdød person. Ein reknar derimot med at krossen har fungert som sjømerke idet han markerer innløpet til Leiasundet som er ei god hamn. Men den viktigaste funksjonen var nok å synleggjera eit kristent symbol. Liknande krossar er reiste på sentrale stader langs heile vestlandskysten frå Rogaland til Møre.

Når blei krossen sett opp?
Kva tid krossen blei sett opp er usikkert, men ein trur at dei fleste steinkrossane blei reiste svært tidleg i kristen tid, kanskje alt i vikingtida (800-1050 e.Kr.). Dei første misjonærane har truleg arbeidd iherdig for å gjera kristne symbol kjent, og i den samanhengen var det viktig at mange menneske såg dei kristne monumenta.

Namnet Krossøy
Språkgranskarar hevder at Krossøy opphavleg heitte Hvitingsøy. Øya blei truleg kalla Krossøy da Hvitingsøy blei namnet på heile øygruppa, og er oppkalla etter steinkrossen. Kyrkja som blei bygd her i byrjinga av 1100-åra, har såleis ikkje hatt nokon innverknad på namnevalet. Det tyder på at krossen kom før kyrkja.

Historiske hendingar på Kvitsøy
Kvitsøykrossen kan ha blitt reist til minne om ei særskilt hending. Sagaen nemner at fleire forlik mellom historisk kjente personar blei inngått på Kvitsøy. Det første var forliket mellom Olav Haraldsson ("den hellige") og Erling Skjalgsson i 1016. Erling Skjalgsson var ein av dei mektigaste motstandarane til kong Olav. Det neste blei inngått i 1208 mellom birkebeinarane ved kong Inge Bårdsson og erkebiskop Tore og baglarane med biskop Nikolas, og "baqlarkonqen" Filippus. Kvitsøyforliket innleidde ein fredeleg periode etter mange års uro. Dersom steinkrossen blei reist etter eit av desse forlika, er det ikkje utenkjeleg at det skjedde alt i Erling Skjalgssons og Olav Haraldsson si tid.

 

 

Steinkross på Kvitsøy Ca. 1000 e.Kr.

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN