Seks øydegardar frå jernalder (500 f.Kr.–1050 e.Kr.) og mellomalder (1050 – 1537 e.Kr.)

Ei øydegardsgrend ved Vigeså
l utmarka til gardane Vigeså og Store Svela ligg det seks øydegardar frå jernalderen og mellomalderen. Kartet viser korleis dei ligg i høve til kvarandre og korleis ein best kan koma frå det eine til det andre. Det er få stader i Noreg, om nokon, der det ligg så mange førhistoriske øydegardar innanfor eit så lite område som her. Rekna med klokka frå sør heiter dei Auglend, Storrsheia, Uadal, Lerkebakken, Hadland og Monæ. Dei ligg mellom 245 og 125 moh. med Lerkebakken høgast og Auglend lågast.

Når var gardane busette?
Utgravingar på Storrsheia og på Auglend viste at desse to gardane var busette i folkevandringstida, frå midten av 300-åra til fram mot slutten av 500-åra e.Kr. Dessutan budde det folk på Storrsheia også i vikingtida (ca. 800 – 1050 e.Kr.).
Dei andre øydegardane er ikkje undersøkte, men det er rimeleg å tru at dei var busette samtidig med Storrsheia og Auglend og at dei vart lagde øyde mot slutten av 500-åra e.Kr. På fleire av dei er det meir enn eitt hus, og både Uadal og Hadland kan ha vore tekne opp att seinare.

Korleis såg dei ut?
Gardar av denne typen var bygde etter eit fast skjema. Sentralt på garden var eitt eller fleire langhus med rom for både menneske og dyr. Frå eine enden av eit langhus gjekk det ein geil eller ei fegate inngjerda av ein steingard der husdyra vart drivne ut på beite. Dei to armane i geilen gjekk over i opplødde steingardar eller utgardar som svinga rundt innmarka og skilde denne frå utmarka. Rundt om på både innmark og utmark vart det bygd gravhaugar og kasta saman rydningsrøysar. Åkerbruk og husdyrhald var dei viktigaste næringsvegane.
Alle seks anlegga ved Storrsheia er av denne typen, men Lerkebakken skil seg ut ved ikkje å ha geil.

Storrsheia som laboratorium
Det er ennå uklart kvifor gardar som dette vart rydda ved byrjinga av folkevandringstida. Det har vore gissa både på tilflytting og på sterk folkeauke i tida før. Det er like uklart kvifor gardane vart fråflytta mot slutten av 500-åra. Det har vore gissa både på omlegging av jordbruksdrifta, utpining av jorda, ufred og pestar. Svara ligg kanskje gøymt som arkeologiske og naturvitskapelege spor mellom steinane og i jorda på dei seks øydegardane. Difor kan vi gjerne kalla øydegardsområdet rundt Storrsheia eit laboratorium for utforskinga av jernalderens gardshistorie i Noreg.

Øydegarden Uadal
Uadal er eit av dei beste døma på ein øydegard som vi kjenner frå Noreg. Garden ligg typisk til på lettdriven sjølvdrenert morenejord. Anlegget består av minst seks hustufter, geil, steingardar som innhegnar innmarka, åkerspor, fleire gravrøyser og nærare hundre rydningsrøyser. Alle husa ligg samla i eit tun. På eit tidspunkt ser innmarka ut til å ha blitt utvida mot aust langs Storrsheivatnet. Den opphavlege innmarka utgjorde over 45 mål, medan 20 mål ekstra blei lagt til ved utvidinga.

 

 

Storrsheia, Bjerkreim

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN