Øydegard med hus frå jernalderen og mellomalderen

Kva ser vi?
Øydegarden Uadal inneheld minst seks hustufter innafor eit område som er ikring 70 m langt og 20 m breitt. Fleire av dei ligg inntil eller oppi kvarandre. Det nøyaktige talet kan derfor berre avgjerast ved arkeologisk utgraving.
Som planteikninga viser, går det ein geil avgrensa av to nedrasa steingjerde ut frå tuftene mot nord. Desse går over i to steingjerde (gardfar) som omkransar heile innmarka.

Husa sin konstruksjon
Hustuftene viser i dag att som låge vollar av jord og stein. Dei er 2 - 3 m breie og opp til 0,4 m høge. To av husa (I og II) er truleg langhus (31 - 36 m lange og 7,5 - 8 m breie) frå folkevandringstida, som har hatt ytre murar av stein med
trevegger innanfor. Dei er som regel delte i fleire rom, oftast av trevegger. Arkeologiske undersøkingar, mellom anna på Storrsheia og Auglend, viser at taket blei halde oppe av kraftige stolpar som anten stod på flate heller eller var
gravne ned i jordgolvet. Stolpane stod parvis langsetter heile husa.

Korleis blei husa brukte?
Påvising av eldstader og funn er viktig når ein skal seia noko om korleis husa blei brukte. Eit rom som inneheld ein eller fleire eldstader, reknar ein med blei brukt til bustad. Funn av keramikk og reiskapar nær eldstadene støtter trua på dette. l søraustre hjørnet av hus II har det truleg vore ein inngang. Herfrå går geilen ut, og den nordre armen av
geilen dannar eit kve like innved huset. Av den grunn har nok den søre delen av dette huset vore fjøs. Utgravingar av langhus frå folkevandringstida har vist at slike hus ofte hadde bustadrom og fjøs under same tak.

Når budde her folk?
Garden blei truleg rydda og busett første gongen i byrjinga av folkevandringstida (350 - 550 e.Kr.). Dette var ei ekspansjonstid, då ei rekke nye gardar blei rydda på Sørvestlandet. Seinare kan garden ha blitt liggjande øyde og teken opp att fleire gonger. Hustuftene, som ligg i fleire lag, viser at her har vore busetnad til ulike tider.

Kva levde dei av?
Dei som budde på Uadal dyrka korn på små åkerlappar på innmarka og hadde dyr på beite i bakkane rundt garden. Åkerreiner i den sørvestvende bakken ned mot elva viser kor åkrane låg. Til å spe på kosthaldet kan dei ha fiska i vatna og jakta i skogen rundt. Men så lenge Uadal ikkje er arkeologisk undersøkt, er dette tilhøve ein ikkje veit noko visst om.

Uadal av Vigeså, Bjerkreim

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN