Steinkyrkje frå ca. 1150 e.Kr.

Steinkyrkjer i Rogaland
I Rogaland er 9 av 19 steinkyrkjer frå mellomalderen bevarte. Alle blei oppførte i perioden 1150 - 1350. Det var kostbart å byggja steinkyrkjer. Konge, adelsmenn og storbønder tok derfor initiativet til bygging av dei første kyrkjene. Dei blei oppførte på storgardar og peikar ut maktsentra i mellomalderen.

Stormannsætta på Garå
Talgjekyrkia ligg på den største og eldste garden på øya som var sentrum for ei kjent stormannsætt i mellomalderen. Baronen Gaute Erlingsson blir ofte nemnt i kjeldene frå åra 1263 - 1273. Godset var i ætta til 1373, men gjekk deretter over til Ogmund Finsson på Finnøy. Arvingane til enka hans gav eigedomane til krona i 1407. Seinare blei godset gitt til den kjende riddaren Olav Nilsson. Han var høvedsmann på Bergenhus og sloss heile livet sitt mot hanseatane. Dei tok livet av han i 1455 og plyndra samstundes godset hans.

Talgjekyrkja
Talgjekyrkja er den eldste i Finnøy kommune. Ho blei oppført midt på 1100-talet i romansk-normannisk stil, og er truleg bygd av Stavanger domkyrkje sine steinhoggarar. Kyrkja har eit avlangt skip og firkanta kor med halvrund avslutning (apsis). Eit pavebrev frå 1355 fortel at kyrkja var vigd til helgenen Maria.
På korbogen finst sikksakkornament som er karakteristisk for den normanniske stilen. Den rikt dekorerte rundboga sørportalen blei flytta til det nybygde våpenhuset under restaureringa i 1870. Originale vindaugo finst berre i nordveggen i skipet og i vestgavlen, medan dei andre er utvida.
Berre alteret av stein er bevart av inventaret frå mellomalderen. Altertavla og preikestolen er i renessansestil laga av Lauritz og Thomas Snekker i 1620-åra og malt av Gotfried Hentzschel i 1634-35. Kyrkja blei restaurert av arkitekten Eivind Moestue i 1939.

Runeinnskrifter
l sørveggen fanst tidlegare ei runeinnskrift som fortalde om oppføringa. Men under ein reparasjon blei steinane flytta rundt, slik at berre delar av innskrifta kan lesast i dag: " ... ved sin død... til bygning av denne kirke... til opphold med (hus og kost)... til ære, og gav til (det) seks.." Her går det fram at ein person (mann eller kvinne) har gitt midlar til bygging av kyrkja. Over denne innskrifta har ein av dei første prestane på Talgje rissa inn følgjande tekst: "Disse runer skrev Eindride Jonsson, og bed for meg".


Gravstein frå mellomalderen dekorert med uthogd livstre

Mellomaldersk murbygning
Like aust for kyrkja låg inntil 1840-åra ruinen av ein stor mellomaldersk murbygning. Han blei seinare brukt til grunnmur i ei løe. Det kan tenkjast at dette var restane etter eit hospital - liknande det ein kjenner frå Halsnøy kloster i Sunnhordland. Pavebrevet frå 1355 nemner også ei "veldedig" ordning, som kanskje var knytt til eit hospital.

Talgje kyrkje, Finnøy


Steinkyrkjer i Rogaland

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN