Steinkyrkje frå ca.1250 e.Kr.

Steinkyrkjer i Rogaland
Av dei 19 steinkyrkjene som blei bygde i Rogaland i perioden 1150 - 1350, er ni bevarte. Konge, adelsmenn og storbønder stod bak oppføringa av dei første kyrkjene som var kostbare å byggja. Kyrkjene blei oppførte på storgardar og peikar såleis ut maktsentra i mellomalderen.

Høvdingsetet på Hesby
Hesbykyrkja står på ein gammal høvdinggard. Den første høvdingen ein høyrer om er Aslak av Finnøy, som deltok i slaget på Stiklestad i 1030. Seinare nemner kjeldene Bård av Hesby. Han slutta seg til Håkon Håkonsson i 1239. I 1300-åra åtte merkesmannen og baronen Ogmund Sigurdsson garden. Sonesonen Ogmund Finnsson var drottsete (riksforstandar) og syslemann i Ryfylke. Han var med i statsstyringa i 45 år. Då enka hans døydde i 1407, overlet arvingane eigedomen til krona.

Hesbykyrkja
Kyrkja er bygd rundt 1250 i gotisk stil, kanskje av ein kongeleg byggmeister. Skipet er avlangt, og koret har firkanta form med inngang frå sør. l vest stod det tidlegare eit tårn som blei fjerna i førre hundreåret. Men framleis ser ein spor etter fortanninga i vestveggen. Under restaureringa i 1871 blei sørportalen flytta til eit nybygd våpenhus i vest.
Ornamentikken på portalen består m.a. av ringar som særpregar tidleg engelsk gotikk. Også korbogen mellom skipet og koret er dekorert i denne stilen.
Koret har eit "trefoldighetsvindu" (tre høge vindaugo gruppert tett saman) i aust. Slike vindaugo var vanlege under gotikken, fordi omlegging av gudstenesta kravde så mykje lys som mogleg på alteret. Også Olavskyrkja på Avaldsnes har "trefoldighetsvindu" i koret.
Alteret høyrer til det opprinnelege inventaret. Midt på kleberbordet finst eit relikviegjemme dekt av ei marmorplate. Bak alteret er det eit skap i muren til oppbevaring av alterkara. Slike skap var vanlege i mellomalderkyrkjene, men er berre blitt bevart i Hesbykyrkja. Preikestolen er truleg laga av Lauritz Snekker rundt 1620 og malt av Peter Reimers. Kyrkja blei restaurert i 1950-åra av arkitekt Waldemar Hansteen.

Døypefonten
Ein merkeleg døypefont blei slått sund for å brukast som grunnstein på 1800-talet. Han hadde ei runeinnskrift som namngav dei fire uthogne figurane rundt skåla: Adam - bicus - Eva - Kain. Innskrifta forklarte framstillinga av syndefallet. Under restaureringa i 1871 blei skåla plassert som eit dekorativt element over hovudinngangen i vest.

Gravstein
Denne marmorgravsteinen som berre er 1 m lang, har truleg lege over ei barnegrav. Han er frå byrjinga av 1300-åra og har ei innskrift som lyd: "Her hvilir Margretta Fine dotter".


Plan Hesby kyrkje

Hesby kyrkje, Finnøy

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN