Helleristningsfelt frå bronsealderen. Ca. 1800 - 500 f.Kr.

Kva ser vi her?
Feltet består av fem båtfigurar. Det ligg i nordaustre kanten av eit stort svaberg, nær grensebekken mot Hole. Ristningane på Løland blei oppdaga i 1921. l seinare tid er det også påvist ei skålgrop i berget vest for båtane.

Figurane
Båten er det vanlegaste og mest sentrale motivet på helleristningsfelta frå bronsealderen. Omlag tre fjerdedelar av figurane på ristningsfelta i Rogaland er båtar. Dei finst i ulike variantar, m.a. med einlinja eller tolinja skrog og boga eller rette stamnar. Storleiken varierer også. Her på Løland finst ein spesiell båttype som har skrå sambandslinjer mellom kjøl og reling, noko som er eineståande blant ristningane i Rogaland, Dei loddrette strekane oppi båtane er tolka som symbol på mannskap eller passasjerar, og blir ofte kalla mannskapsstrekar.
Skålgropene er saman med båtane dei mest talrike ristningsfigurane i Rogaland. Dei finst i kontakt med alle slag figurframstillingar, noko som tyder på at dei blei hogd gjennom heile bronsealderen.


Tyding
Båten har spela ei stor rolle for folk i førhistorisk tid som framkomstmiddel, til fiske, transport og handel. Han har derfor også ein sentral plass i mange religionar. Nokre gonger er solteikn plassert i båten. Av den grunn ser ein gjerne på båten som teikn for krafta som driv sola over himmelen. Sola er eit bilete på himmelguden som seglar over eit stort hav (himmelen) og skapar dag og natt, årstid og grøde. Gjennom ristningane får ein såleis innblikk i den gamle religionen der solguden reiste frå landet om hausten og vende attende om våren. Skålgropene, som er dei enklaste av ristningsfigurane, er samstundes dei vanskelegaste å tolka. Det er fleire meiningar om kva dei tyder. Nokre hevdar at gropene blei laga for å samla opp offer som blod, vatn, smør, korn og frø. Andre meiner at dei var eit symbol for sola og har samanheng med soldyrking.

Samfunnet
Ristningane er truleg laga av folk som har drive jordbruk i området. Dei har samanheng med kulthandlingar som skulle sikra grøderikdom. Ristningane blei truleg laga på tider av året som var viktige i års- og livssyklusane, t.d. om våren når sola kom tilbake og åkrane skulle gjerast i stand. Til slike tider samla folk seg framfor berget for å feira at solguden vende attende og gav nytt liv til jorda. Kanskje har Løland vore ein religiøs samlingsstad for gardane her på vestsida av Ombo?

Løland, Finnøy

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN