Ringforma tunanlegg frå romartid og folkevandringstid, ca. Kr.f. - 550 e.Kr.

Kva ser vi her?
Anlegget består av 17-18 hustufter som ligg i to halvsirklar rundt ein oval plass med gavlane vende inn mot plassen. Midt på plassen låg det opphavleg ein liten rund haug. Her er nå synleg tufta av eit lite hus som er eldre enn haugen.
Hovudinngangen til tunet ligg i vest, medan ein opning i aust er blitt stengt av eit steingjerde. Anlegget er 80 x 55 m stort (ytre mål), og den opne plassen måler 56 x 27 m. Like ved tuftene ligg tre gravhaugar (nr. 1, 2 og 5) samt ein trekanta og ein rund steinlegging (nr. 3 og 4). Anlegget blei arkeologisk undersøkt av Jan Petersen i perioden 1939-50.

Korleis var husa bygde?
Hustuftene slik dei markerer seg i dag, ser ut til å liggja oppå ein voll. Men utgravingane viste at vollen var avfallslag frå ein eldre busetnad. Grøfter i undergrunnen som inneheldt spor etter treplankar (veggriller) viser at dei eldste husa var bygde av tre. Veggrillene tilsvarer dei ein kjenner frå hustufter på Forsandmoen i Forsand. Dei yngste husa hadde derimot ytre vegger av stein med trevegger innanfor. Gavlveggen med døropninga var av tre. Husa var 10-12 m lange og kring 5 m breie. Kvart hus inneheldt eit rom med ein eller to eldstader midt i. Taket blei halde oppe av parvis stilte stolpar.


Huset midt i tunet
Til venstre: veggrille

Haugen midt i tunet
Haugen midt på den opne plassen inneheldt inga grav, men store mengder leirkarskår blei funne under utgravinga. Dei er tolka som restar etter ofringar og rituelle måltid. Nokre skår kunne setjast saman til eit kar som kan daterast til eldre romartid (Kr.f. -200 e.Kr.). l tillegg blei det funne ei hestetann. Under haugen låg eit lite firkanta hus som var 5 x 5 m stort, med inngang i vest. Huset har hatt vegger av tre som har stått i veggriller. Det er uvisst kva huset blei brukt til, men det kan ha vore ein samlingsstad for folka som budde i husa omkring.

Funn frå husa
I kulturlaget er det funne ein fingerring av gull, draktspenne av jern og nokre perler som viser at folka her hadde kostbare gjenstandar. Knivar av jern, vevlodd, brynesteinar og slagg vitnar om handverk og jernutvinning. l tillegg er det funne ca. 7000 leirkarskår. Mesteparten var frå grove kokekar, men også skår frå fint ornerte krukker fanst i materialet.


Krumkniv av jern

Når budde her folk?
Dei opp til ein meter tjukke kulturlaga i hustuftene tyder på at Klauhauane var busett over lang tid. Leirkarskår og andre funn viser at husa blei tatt i bruk omkring Kr.f. og at busetnaden varte ved til folkevandringstida, kanskje heilt fram til yngre jernalder (550 - 1050 e.Kr.). Det er uvisst om alle eller berre nokre av husa var i bruk samstundes.

Kva var tunanlegga sin funksjon?
Det er registrert sju ringforma tunanlegg i Rogaland. Tre av dei er arkeologisk undersøkte. Det er uvisst kva slag funksjon tunanlegga har hatt. Ulike teoriar er sette fram; landsbyar med folk som dreiv jord- og februk, samlingsstad for ting og religiøse handlingar samt militær forlegning.
Tunanlegga i Rogaland kan ha fungert som landsbyar, der det budde folk som levde av jord- og februk. Det er også mogleg at forsvarsomsyn har lege bak måten ein plasserte husa på. Kanskje stod ein lokal høvding bak bygginga av slike anlegg, som i ufredstider kunne husa våpenføre menn?
Sidan Klauhauane ligg nær den gamle tingstaden på Kvia, kan også funksjonar som senter for vareomsetjing, ting og religionsutøving ha vore knytt til tunanlegget her.

Kvifor blei tunanlegga lagt øyde?
Vi veit ikkje sikkert når tunanlegga blei lagt øyde. Tidlegare meinte arkeologane at det skjedde kring år 400 e.Kr. Men nokre av anlegga var truleg i bruk heilt fram til yngre jernalder (550 - 1050 e.Kr.). Kanskje kan nedlegginga av tunanlegga setjast i samanheng med ei omstrukturering av samfunnsorganisasjonen i yngre jernalder?

Kva er funne i gravene?
Eit av dei eldste gravfunna frå området blei oppdaga i 1891. Det skriv seg frå ein liten rundhaug og inneheldt delar av ein spore av bronse, eit beltebeslag av bronse, samt restar av bronsebeslag som kan ha vore på eit drikkehorn. Den døde var brent før gravlegginga som fann stad ein gong i tida Kr.f. - 200 e.Kr. l ein gravhaug (nr. 9) ca. 50 m sørvest for Klauhauane blei det funne spelebrikker av bein saman med ein del andre gjenstandar. Grava, som var brent, er datert til perioden 350 - 400 e.Kr. Folka på Klauhauane har kanskje gravlagt sine døde her.
Like nordvest for tunanlegget på Klauhauane ligg ein stor gravhaug (nr. 5). 1 1886 blei her funne ein beinamulett med runer saman med leirkarskår, restar etter ein beinkam og del av ein slipt steinreiskap. Innskrifta på beinamuletten, som tilhøyrer den eldre runerekkja, lyd: "Uha laga, Eburino eig denne heilage gjenstand. Tunta skreiv ved sida av Uha innskrifta i denne rekkja ".

Grava, som var brend, er datert til ca. år 500 e.Kr. Gravhaugen er nå restaurert, og eit gravkammer er synleg i søraustre delen av haugen. l nordaustre kanten av tunanlegget finst ein låg tresidig steinlegging (nr. 3). Under utgravinga blei det påvist eit brannlag med brende dyrebein. Gravminnet er yngre enn tuftene, fordi steinlegginga er bygd over dei.

Gardsanlegg
Like ved Klauhauane ligg to gardsanlegg frå folkevandringstida (350 - 550 e.Kr.); Hanabergshagen og Sudabergsbrotet. Sistnemnde anlegg ligg inne i tett skog og er derfor vanskeleg å sjå. l tillegg er det påvist steingjerde og geil som stammar frå tre andre slike gardsanlegg i nærleiken. Truleg var også Auda-Motland og Høneland i bruk som gardar på denne tida. Det er mogleg at det budde folk på Hanabergshagen også i mellomalderen.

 

 

Klauhauane, Auda-Motland, Hå


Ringforma tunanlegg i Rogaland

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN