Kyrkjestad og gravplass frå 1100-åra til 1834

Kyrkjegarden
Bø kyrkjegard var ein av tre kyrkjestader i Hå prestegjeld i mellomalderen. Den kring 40 x 30 m store kyrkjegarden ligg oppe på eit høgdedrag og er avgrensa av eit steingjerde. Inngangsporten ligg i vest og den søre steinen i porten skal ha fungert som gapestokk. Syndaren blei bunden til eit hol i steinen.
Frå porten går det trapper opp til kyrkjegarden, noko som viser at ved fullsett gravplass blei det påfylt mold og grave på ny. Omlag midt på kyrkjegarden kan ein sjå tufta etter kyrkja. Det er ingen synlege spor etter gravene i dag, men delar av ein gravstein frå 1818 ligg i steingarden ved porten.

Kyrkja
Bøkyrkja var hovudkyrkje i Bø prestegjeld fram til 1668, medan kyrkjene på Njærheim og Varhaug var annekskyrkjer. Etter 1668 blei Njærheim hovudkyrkje, og prestegjeldet skifta namn til Hå. Presten flytta då frå Bø til Hå. Kyrkja på Bø er truleg like gamal som Njærheimkyrkja, som er kjent frå før 1303. Kor langt tilbake i tid det har stått kyrkje her, er usikkert, men Bø kan ha vore kyrkjestad frå 1100-åra.
Først på 1600-talet ligg det føre meir informasjon om kyrkja. Det har vore ei lita tjørebreidd trekyrkje, 20 x 10 m stor, med små vindaugo. Kring 1619 måla Peter Reimers altertavle, og i 1622 arbeidde Lauritz Snekker stolar og døypefont. Galleri blei laga i 1633, og ny port kom til i 1639. Kyrkja brann i 1708, men blei bygd opp att like etter. Andre påskedag i 1834 blei det halde gudsteneste i Bøkyrkja for siste gong. Kyrkja blei deretter riven fordi det var bygd ny kyrkje på Skjerpe.

Nærbøkyrkja
I 1820-åra var alle kyrkjene i Hå prestegjeld i dårleg forfatning. Det blei vedtatt at alle kyrkjene skulle setjast i stand, men berre Varhaugkyrkja blei reparert. l 1831 vedtok kyrkjelydane i Bø og Njærheim å slå sokna saman og byggja ny kyrkje på Skjerpe. Vedtaket blei godkjent ved kongeleg resolusjon året etter. Namnet Nærbø oppstod som ei samandraging av soknenamna Njærheim og Bø. Både kyrkja og det nye soknet fekk namnet Nærbø. Altertavla i Bøkyrkja blei flytta over i den nye kyrkja.


Bø kyrkjegard

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN