Kulturminna på Kolsheia på garden Laksesvela strekk seg over eit område på over 400 x 600 meter. Her finn ein eit mangfald av ulike typar kulturminner, m.a. 4 husttufter, meir enn 200 gravhaugar, over 200 rydningsrøyser, og mange steinstrenger. Dette utgjer eit særs godt bevart kulturminneområde som gjev oss innblikk i korleis gardane var organisert og drivne i forhistorisk tid.

 

Hustuftene lengst sør i anlegget ser ut til å vera frå folkevandringstid, perioden 400 - 600 e.Kr. Hustufta lenger nord ser ut til å ha fleire bruksfasar. Gravhaugane er blitt til i ulike deler av forhistoria, mange er frå folkevandringstid og dermed samtidig med hustuftene i sør. Andre graver er frå vikingtid, perioden 800-1000 e.Kr.

Sjå heile skiltet (pdf-fil)

 

 

 

 

 

 

 

Kulturminnefelt på Kolsheia

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN