Her i Røydehamn, inst i bukta er det registrert 10 små hustufter og eit båtopptrekk. Slike tufter vert kalla "Fjæremannstufter", og utgjer ein særeigen type kulturminner som det etterkvart er funne ein del av i Nord-Rogaland og nordover langs Vestlandskysten. Tuftene er restar etter forhistoriske fiskevær som i periodar av året vart nytta av bønder frå indre fjordstrøk. Dei fleste fjæremannstuftene ligg som i Røydehamn, samla i lune bukter og vågar nær gode fiskeplassar.

Det er elles på Bokn registrert fleire tilsvarande anlegg, m.a.rett aust i Skodehamn, og i nordaust i Hognasvikja. Sistnemde er det største anlegget med 37 tufter og to båtstø.

Det er ikkje gjort undersøkingar i tuftene, men funn andre stader på Vestlandskysten tyder på at slike tufter var i bruk i jernalder og middelalder.

Tuftene vitnar elles om eit relativt stort og organisert sesongfiske langs kysten i
forhistorisk tid. Anlegga kan ha vært eigde av stormenn eller høvdingar som har hatt eit apparat som tok seg av vidare fordeling og handel av fiskeressursar.

 

Sjå heile skiltet (pdf-fil)

 

 

 

Fjæremannstuftene i Røydehamn på Bokn

 

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN