Her på Kjødlingvollen kan ein sjå restane etter eit gardsanlegg frå folkevandringstida (400-600 e.Kr). Her er minst 2, mogeleg 4 hustufter, 1 innhegning, minst 5 gravrøyser, ca. 100 rydningsrøyser og 2 påviste gardfar. Frå gardsanlegget er det god utsikt over Høgsfjord og ytre del av Lysefjorden.

Hus frå denne perioden i Rogaland følgjer stort sett det same mønsteret; menneska budde i vestdelen og dyra i austdelen. Taket var lågt og dekka av torv. Veggane hadde ståande plank og på utsida av desse var der isolerande veggvollar i stein. Dette skil seg frå husa frå folkevandringstid som er funne på Landa på Forsandmoen. Dei har ikkje slike ytterveggar i stein.

Omlag 600 e.Kr vart garden på Kjødlingvollen liggjande øyde og aldri tatt opp att. Tilsvarande ser vi skjedde med svært mange gardar i folkevandringstida. Ein er ikkje sikker på kvifor dette skjedde, men der er ulike teoriar om klimaforverring og pest.

Namnet "Kjødlingvoll" kan koma av ordet "Kjødling". Å kjødla (eller styva) var å hogga eit tre av, omlag 2-3 meter over bakken. Borken på dei fine greinene som voks ut vart nytta som fôr til dyra. Truleg har ein på denne staden hatt mange slike kjødlingstuar, og området har fått namn etter dette.

Sjå skiltet (pdf)

 

 

 

 

Gardsanlegget Kjødlingvollen på garden Oanes

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN