Ein strandvoll frå Harabekken og nordover til Bringsvågen har i tidlegare tider laga ei godt verna hamn for båtar. Strandvollen ligg 3-4 m.o.h. Innafor denne naturlege "moloen" ligg ein gjengrodd lagune som i dag er myr.



Ved denne lagunen låg det i folkevandringstida (400 - 600 e.Kr) fire nausttufter. Tre av dei ligg parallelt ned mot myra. Dei er mellom 12 og 18 meter lange. Den siste nausttufta er omlag 12 meter lang og ligg på ein strandvoll nord for myra. Det er også tre graver i dette området. Den største er omlag 10 meter i diameter og mest 2 meter høg.

Det er tatt ut prøvar frå myra som viser at lagunen har grodd igjen rundt 1300 e.Kr, dvs. midt i middelalderen.

Eit av dei mest kjente funna frå Hårr er langt yngre enn desse nausttuftene. Dette er sølvskatten som vart funnen av Peter Laurits Larsen Horr i 1894. I vikingtida, truleg rundt år 1025 vart sølvskatten lagt i eit horn og gravd ned i jorda. Myntane hadde ulikt opphav, m.a. angelsaksiske, irske, tyske og arabiske. Det vart også lagt ned eit sølvkrusifiks i hornet. Myntane og krusifikset kan ha kome til våre kantar gjennom handel eller plyndringstokter.

Sjå skiltet (pdf)

 

 

 

 

Graver, nausttufter og sølvskatten på Hårr

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN