Langs den 40 km. lange strandsona frå Kvassheim i Hå til Sele i Klepp har det vore registrert nærmare 600 graver frå jernalder fordelt på større og mindre felt. Dei fleste gravene er frå romertid og folkevandringstid, dvs. frå år 0 til slutten av 500-talet e.Kr.


Gravfeltet her på Kvassheim er det
største på Jærkysten. Opphavleg var det 250 graver, nå er det omlag 150 att. Dei fleste gravene er frå 350 - 550 e.Kr. Dei eldste gravene er lite utstyrt. for livet i den andre verda. Den døde hadde nokre spenner på drakta og elles eit og anna leirkarog reiskap. Seinare, på 400-talet, er det meir utstyr: spinnereiskap, kammar, pinsettar, sigder, sylar, synåler, bryner, terningar og spelebrikkar. I kvinnegravene, finn ein smykke, ofte draktspenner og perlekjede. I slutten av folkevandringstida vart menn utstyrt med våpen.

Dei rikaste gravene er langhaugane s
om er frå folkevandringstida. I desse finn vi berre kvinnegraver, gjerne fleire i same haug. Generelt ser vi at kvinnegravene dominerer. Årsaka til dette kan vera at mannsgravene er vanskelegare å påvisa, sidan dei manglar smykkeutstyret. Det kan og tenkjast at kjønnsfordelinga i gravene gjenspeglar ein faktisk situasjon; at det oftast var kvinner som vart gravlagde her.

Eit av dei mest kjente gravfunna frå Kvassheim er ei ubrent kvinnegrav frå ca. 375-400 e.Kr. I grava låg det to korsforma spenner, eit langt perlekjede, spinnehjul, leirkar, trekar og ei spenne som viser to hjortar. Det finst nokre få spenner i Norge og Danmark som er forma som hjortedyr, og dei er svært ulike i forma. Spenna frå Kvassheim er unik, og er den einaste kjente som har eit lite dyr under buken på det store.

Sjå skiltet (pdf)



 

 

 

 

Strandgravfeltet på Kvassheim

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN