Nausttufta er svært lite synleg i terrenget, og vart derfor ikkje funnen før i 1994. Opningen er mot NV og ligg ca. 4 m. søraust for dei moderne nausta. Langveggane i tufta markerer seg svakt som to parallelle vollar. Den vestlege langveggen er mest tydeleg. Tufta er orientert NV-SA, og er omlag 40 m. lang. Innvendig breidde er 4-6 meter.

Nausttufta ligg nokre få meter over havnivået i dag, noko som tilseier at tufta er frå
folkevandringstida.

Sjå skiltet (pdf)

 

 

 

Nausttufta på Obrestadhamn

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN