Her ligg restane av eit forlatt gardsbruk frå vikingtida/middelalderen (fra 800-talet e.kr.og fram til Svartedauden). Fleire hustufter, innhegningar, geilar og moglege åkerflater fortel om stor aktivitet her på flata. Av dei 3-4 bygningane vi tydeleg kan sjå grunnmurar etter i dag, er den lengste hustufta ca 31 m. Her er
også inngangen på vest-sida av langveggen tydeleg. På 1930-talet klarte arkeologane å sjå eit par gravhaugar i området. Desse er vanskelege å finne att i dag, også fordi det kan vera vanskeleg å skilje mellom gravhaugar og rydningsrøyser. Truleg ligg her fleire slike minne som enno ikkje er kartlagt.
Kanskje du finn nokre?

Sjå skiltet (pdf)

 

 

 

 

Gardsanlegget på Tuastad

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN