Kleppevarden på garden Kleppe er ein av mange store gravhaugar frå eldre bronsealder (1800-1000 f.Kr.) i Klepp kommune. Dei store haugane som er plasserte på toppen av bakkekammar og høgdedrag, gjev eit dominerande inntrykk. Dette er årsaka til at slike haugar har fått tilnamnet "Nordens pyramidar". Her vart dei mektigaste kvinnene og mennene i eldre bronsealderen gravlagde.

Diameteren på Kleppevarden er i dag 35 meter, men den har vore mest 40. Høgda er 2 meter. I 1935 vart det sett opp ein vasstank i vestre del av haugen. Haugen var tidlegare kjent under navnet "Imrå". Kleppevarden er ikkje undersøkt, og vi er derfor ikkje sikre på kva haugen inneheld. Høgst sannsynleg er det fleire gravleggingar her.

Klepp kommune har omlag 1/6 av alle eldre bronsealderfunn i Norge. Dette fortel oss at Klepp spesielt og Jæren generelt har vore eit kjerneområde for menneska i bronsealderen.

Sjå skiltet (pdf)

 

 

 

 

Kleppevarden

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN